Annonse
00:00 - 09. desember 2016

Ein skog av inderlegheit

Josefine Klougart skildrar kjærleik og død i etterskinet frå romantikkens blå blome.

Kjærleik og forliste forhold: I si nyaste bok skriv danske Josefine Klougart om kvinner i ulike generasjonar - enker, mødrer, søstrer og døtrer. Også i Norge kjem romanen ut på originalspråket. Foto: Mads Teglers
Annonse

Josefine Klougart (født 1985) inntok dansk samtidslitteratur i 2010 med Stigninger og fald, ei prosalyrisk skildring av barndom og oppvekst på Mols på Jyllands austkyst. For debuten blei forfattaren nominert til Nordisk råds litteraturpris. Det gjorde ho òg for roman nummer to Én af os sover (2012). For sin karakteristiske prosa er forfattaren mellom anna blitt kalla ein skandinavisk Virginia Woolf. Det er ei sanning med ein del modifikasjonar.

 

Ulyrisk kvardag. Vel er prosaen til Klougart jamt over stilistisk god, assosiativ og evnar å løfte og vise fram ei sanseleg og subjektiv erfaring av sjølvet, naturen, kjærleiken og omverda. I den siste boka, New Forest, med samtidig utgiving i Danmark og Norge i eit prisverdig skandinavisk samarbeid mellom norske Pelikanen forlag og danske Forlaget Gladiator, strekker denne prosaen seg over 700 munnfulle sider.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse