Annonse
00:00 - 04. november 2016

Delt omsorg

Språket får ta del i dragkampen om barnet i Monica Isakstuens tredje roman.

Splitting: Monica Isakstuen lèt lesaren oppleve det brutale ved den delte omsorga.
Annonse

Det siste året har det ramla inn ei rekkje bøker om samlivsbrot og barneomsorg i den norske bokheimen. I fjor skildra Geir Gulliksen det moderne samlivet – som jo ofte er eit ikkje-samliv – i Historie om et ekteskap, og Tiril Broch Aakre gav ut Redd barna, ein roman som viser vanskane med å gi omsorg når ein sjølv er i sorg. I år har Agnar Lirhus kopla klimakatastrofe til både skilsmisse og omsorgsproblematikk i Liten kokebok, og både Nina Lykkes Nei og atter nei og Mattis Øybøs Elskere er historier som spelar seg ut i eit ekteskapleg katastrofeklima.

Monica Isakstuens tredje roman, Vær snill med dyrene, kan lesast jamsides desse bøkene. Forteljaren Karen skil seg frå mannen, og sjølv om idealet hennar er at dei skal ha likedelt omsorg for dottera Anna, blir det vanskeleg for henne å leve med seg sjølv når ho skal etterleve dette idealet. Karen er rett og slett mindre moderne enn ho gir seg ut for å vere: «Fingrene mine forrådte meg, signerte alt de ble bedt om å signere, lot som om de tilhørte en moderne kvinne».

Der Gulliksen, Aakre og Lirhus lèt stillferdige og relativt sindige personar fortelje, vekkjer Isakstuen eit fortvila konkurranseinstinkt og stundom krigersk sinne i sin forteljar, og det språklege arsenalet ho brukar i kampen om barnet, gjer romanen vesensulik dei andre romanane. Vær snill med dyrene minner meir om ei anna bok, som nyleg er omsett til norsk av nettopp Tiril Broch Aakre: Den lånar nokre formuleringar og grep, men først og fremst litt av sitt litterære lynne frå Jenny Offills innfallsrike punktroman Avdeling for grublerier.

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.
Annonse

Sommerkampanje med 50% rabatt på abonnement. Trykk her for bestilling.