Annonse
00:00 - 16. september 2016

Mors og fars synd

Vigdis Hjorths nye roman er brennbart materiale i ei sterk litterær form.

Annonse

I romanane til Vigdis Hjorth er det eitt spørsmål ein stort sett aldri kjem utanom: Korleis leve modig og sant? I Arv og miljø, Hjorths nye roman, er hovudpersonen Bergljot så tett på spørsmålet at det skakar i prosaens grunnvollar og i romanens ramme.

Skakar slik det gjer i Hjorths julefortelling Julaften (2015) der eit eg uroleg og feberheitt skildrar julaftan saman med familien og der det å få seg berre eitt, og så eitt glas vin til, overstyrer alt mens ho tenker «Jeg må ikke bli full». Og skakar slik det gjer i Om bare (2001), ei intens og djupt nedbrytande kjærleikshistorie. Dette lett maniske ved Hjorths litteratur viser seg heilt ned på setningsnivå, i skrivemåte; korleis ho stadig vender tilbake til same motiv, eller resirkulerer og omformulerer scener og replikkar. For Hjorth er kanskje blitt den fremste fortolkaren av sin eigen litteratur – slik Karl Ove Knausgård er blitt det av sitt forfattarskap.

Romanen opnar med eit arveoppgjer, det står om to hytter på Hvaler. Dei to yngste barna i familien får hyttene, dei to eldste har vore der så lite. Bergljot vil i utgangspunktet ikkje ha noko hytte. Når ho likevel skiftar syn, handlar det først og fremst om kvifor Bergljot sjølv – òg den familien ho ikkje lenger har kontakt med – ikkje opplever henne som eit sunt menneske.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Beskrivelser av smerte tar mye plass, og flere av dem er treffende.
En annen novelle handler om hvordan fortelleren studerer en lommetyv i arbeid, og fryder seg over det kriminelle håndverket.
Norges ninjakommandør presenteres som en restaurert samling av fire tegneseriehefter utgitt i 1987, nylig gjenoppdaget i Nasjonalbibliotekets arkiver.
Solveig-koblingen er ikke påtrengende. Derimot åpner teksten på usedvanlig blekt vis.