Annonse

Annonse

20:00 - 01. september 2016

Lite skrik og mykje ull

Strålande opnar Sauebondens liv opp eit landskap som turisten ikkje ser: Den naturen som mennesket formar og lever av. 

Sjølbiografisk: James Rebanks er sauebonde i Lake District i England, med Sauebondens liv har han skrive ei danningsreise på bygda sin premiss. ⇥⇥Foto: Christopher Nunn

Viss du kjenner bondementalitet gjennom Arne Garborgs Bondestudentar, Daniel Brauts vanskeleg kamp for å klara seg i byen, og skuldkjensla han har av å ha svikta farsgarden, då skal du lesa En sauebondes liv. Knut Hamsuns Markens Grøde kan du for så vidt bla i, men ho plasserer mennesket for einsamt på jorda, og manglar orienteringa mot generasjonsarven som ligg i eit gardsbruk. Tarjei & Halldis Moren Vesaas kan du også konferera, og Olav H. Hauge, men ingen av dei likte å arbeida på gardane sine, ikkje eigentleg.

Sauebondens liv av James Rebanks er ein stille lovsong til det å foredla eit landskap og ein saueflokk, til det å svinga med i årstidene og det ulike arbeidet som sesongane krev, til det å kobla seg på kva generasjonane gjorde før deg, og vita du er berre ein etappe, garden og framhaldet er viktigare enn deg.

 

Nordvest-England. James Rebanks er sauebonde i Lake District i England, nord for Liverpool, nord for Blackpool, og med irskesjøen i vest. Søker du på namnet, leier Google deg til turistopplegg her og eit naturreservat der. Dei nakne fjella og sjøane ser forlokkande ut. Men anar eigentleg turistane korleis landskapet er forma av menneskehender og av beitande sauer, spør Rebank seg. Han er likevel ikkje ein klassisk turisthatande bonde tvers gjennom, men arbeider deltid for Unesco med å gje råd om korleis lokalssamfunn kan ta imot besøkande frå byane, utan å mista seg sjølve.

Lese mer?

UKE
59,-
Inkluderer også tilgang til arkiv og eAvis.
ABONNEMENT
Fra 35,-
per uke
Følg de viktige debattene og få en dypere innsikt i samfunnsaktuelle saker hver uke.
ARTIKKEL
20,-
Betal med Vipps/mCash/PayPal/Bitcoin.

Annonse