Annonse
00:00 - 05. august 2016

Drikk og mannfolk

Anna Kleivas drikkeviser er til å bli tørste av – men ikkje utørst.

Natteliv: Anna Kleiva føyer seg inn i ein lang litterær tradisjon som behandlar storbyens metafysikk. Illustrasjon: Mary Evans Picture/NTB Scanpix
Annonse

Anna Kleivas tredje diktsamling opnar med Peer Gynts klassiske flukt og utrop «Dikt og forbannet løgn!», for deretter å plassere meg i eit Paris langt bortanfor turistbrosjyrenes glansa bilde. Det er eit ritt eg har alle anlegg for å bli bergtatt av.

Til saman fortel dikta historia om eit eg som rømmer frå kjærleikstap i Norge, kjem til Paris, leiter etter arbeid, seglar på Seinen, flakkar frå bar til park til kyrkjegard og møter på gangstaren Didier le fou, om ikkje ei forelsking, så er denne galningen i alle fall nokon å stø seg til i landflyktigheita.

Dikta er ikkje drikkeviser i tradisjonell forstand. Samlinga liknar meir eit, stort, dramatisk dikt i ibsensk ånd – der ein gris og ein fjøsnisse er med på lasset, og der diktar-eget slik set blikket sitt, eit underleggjerande eitt, i det gjennomturistifiserte Paris så vel som norsk bygdekultur.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse