Annonse
00:01 - 27. mai 2016

Forvilling inn i det verkelege

Den journalistiske Marguerite Duras seier noko vesentleg om å vere samfunnsborgar.

Politisk: Marguerite Duras viser at sjølv om det skrivne kan vere like uføreseieleg som vinden eller havet, så har skrifta hennar ei tydeleg politisk tanke. Foto: Jean Mascolo
Annonse

Eg var nyleg i Paris for å snakke med kritikarar og forlagsfolk, rusle rundt i bokhandlarar og slik fylle inn ymse kunnskapshol om fransk samtidslitteratur. Da eg åt lunsj med ein fransk kritikar, snakka vi i staden i hovudsak om Marguerite Duras (1914–1996), mest kjend for romanane sine om fransk Indokina, særleg Elskeren (1984) og for manuset til filmen Hiroshima, min elskede (1960). At Duras framleis er til stades i den franske litterære offentlegheita, er kanskje ikkje oppsiktsvekkande. At vi i Noreg derimot får utgivingar som supplerer Duras’ skjønnlitterære produksjon, er på ingen måte gitt.

I året for 100-årsmarkeringa av Marguerite Duras’ fødsel i 2014, gjorde forlaget TRANSFE:R suksess med den vesle utgivinga Å skrive. No kjem det eit nytt tilsig av små Duras-tekstar. Små i meininga fysisk nette, og tekstar i meininga anna enn romanar. Oktober gir ut samtaleboka Stedene, og Heinesen forlag er aktuell med Sommeren 80, ei samling spaltetekstar som Duras hadde på trykk i avisa Libération sommaren 1980.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Kvalitetsvurdering er vanskelig, det er klart, men hvis det blir helt tilfeldig, et lotteri, så mister jo systemet legitimitet.