00:00 - 29. april 2016

Trojanske kjepphestar

Ane Nydals forsøk på å tøye novellesjangeren er ikkje alle like vellukka.

Famlere i verda: Ane Nydals novellesamling har eit kosmopolitisk preg. ⇥Foto: Christian Belgaux

I leilegheita eg leiger, har ein tidlegare eigar funne det for godt tapetsere eit T-banekart over Tokyo på halve stoveveggen. Eg har undra ein del på kva dette famlande interiørestetiske forsøket er motivert av. Urbanisme? Kosmopolitisme? Eller – kanskje mindre pretensiøst – ein fascinasjon for japansk kultur – No-teater, sumobryting, anime? For alt eg veit var eigaren frå Tokyo og lengta heim.

Mine tankar blir likevel først og fremst sende til barnerommet, og tapeten blir ein slags vaksen variant av Turtles-sengesett og Frost-gardiner: Livet er et annet sted, seier den talande tittelen på ein Milan Kundera-roman.

Annonse