Annonse
00:00 - 11. mars 2016

Venskapens pris

Det heiter ikkje lenger bindinga til far eller mor. Elena Ferrante lærer oss om knytinga til ei venninne eller ein bror.

Sterke band: Venskapet mellom Elena og Lila er eit formande element i Elena Ferrantes romansyklus. Foto: Erich Lessing/Magnum Photos/NTB Scanpix
Annonse

Det blir fortalt om forlaget Pelikanen at ein av grunnleggarane (Karl Ove Knausgård) stadig blei tipsa om Elena Ferrante, den italienskfødde suksessforfattaren som nesten ingen veit kven er, og som gjev intervju sjeldan eller aldri utanom den litterære agenten sin (og då på e-post). I staden blei det Samlaget som snappa rettane, og dei store inntektene som den såkalla Napoli-kvartetten allereie har ført med seg. Men heller ikkje det nynorske forlaget var direkte kjapt ute – og på ein måte er det til pass for dei at dei norske omsetjingane kjem så seint at dei mest ihuga lesarane av Lila og Elenas i kvarandres innfiltra lagnad alt har lese kvartetten til endes – på engelsk.

På italiensk kom bøkene i åra 2011–2014, og i Ann Goldsteins omsetjing for det amerikanske forlaget Europa Editions berre med eit års forskyving for kvar av titlane. Samlaget har no komme til band tre av romansyklusen, Dei som flyktar og dei som blir. Den fjerde og siste boka må lesarane venta til hausten med. Om dei klarer.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse