Annonse
00:01 - 22. januar 2016

Svensk ­samtidsspegel

Jonas Hassen Khemiris skriv samfunnskritisk litteratur med eit karakteristisk hjarteslag.

Beherska: Jonas Hassen Khemiris seinaste roman er ført i ein meir beherska prosa. Foto: Martin Stenmark
Annonse

Våren 2013 skreiv Jonas Hassen Khemiri eit ope brev til den dåverande justisminister Beatrice Ask og føreslo at dei kunne byte hud for ein dag. «Bästa Beatrice Ask» stod på trykk i Dagens Nyheter og var eit innlegg mot dei svenske styresmaktene sine planar om å effektivisere heimsendinga av asylsøkarar. Det var òg eit innlegg mot Ask personleg, fordi ho etter Khemiris meining ikkje såg alvoret i dei mange klagene frå menneske som hadde blitt stoppa av politiet utan annan grunn enn at dei ikkje såg svenske ut.

 

Prisverdig. Alt jeg ikke husker, Khemiris nyomsette roman, som i fjor mottok Sveriges mest prestisjetunge litteraturpris, Augustprisen, og som no er omsett til norsk av Andreas E. Østby (Khemiris faste, og ikkje minst lydhøyre og språkleg kreative omsetjar til norsk), er på mange måtar ei litterær foredling av «Bästa Beatrice Ask». Khemiri har skapt seg eit romanunivers der han lett, heimevant og ledig skildrar ei multikulturell svensk samtid sosialt og politisk og på heilt tilforlateleg vis reflektere over etnisitet, klasseskilje, valdskultur, kjønn og økonomi.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse