00:00 - 29. januar 2016

Stalins barn

Tabua som journalisten Svetlana Aleksijevitsj ikkje kan snakka med intervjuobjekta om, skriv forfattaren med same namn meisterleg ut i bøkene sine, skriv Kjartan Fløgstad.

Russland: Josef Stalin leiar massane. Ved Stalins død var frykta stor for anarki og kaos. Foto: Buyenlarge / Getty Images

Svetlana Aleksijevitsj tok imot ­Nobelprisen i litteratur for 2015, talte ho om kvinnene ho hadde intervjua om krigen på Austfronten. «Eg elskar dei jentene svært mykje, men det gjekk ikkje an å snakka med dei om Stalin eller om toga som etter krigen gjekk til Sibir med dei som sigra, med dei som var djervast.»

Dei utilsnakkelege kvinnene Aleksijevitsj ­viser til, er hovudpersonar i Krigen har intet kvinnelig ansikt, om ungjentene som forsvarte Sovjetunionen mot det tyske overfallet frå juni 1941. Denne boka er del av fembandsverket ­Utopiens stemmer om Sovjetsamveldets dramatiske historie.

Av dei fire banda som hittil har komme på norsk, er særleg Krigen har intet kvinnelig ansikt eit eineståande verk, med eit innhald så sterkt at ein kviar seg for å lesa, og vanskeleg kan lesa lange stykke samanhengande. Men gjer det likevel, sjølv om forfattaren hevdar at hovudpersonane ber på eit unemneleg mysterium. Eit endå større mysterium er det at ein forfattar som Aleksijevtisj ikkje vil finna ut kva som er drivkreftene bak heltemotet deira.

Annonse