14:00 - 27. februar 2014

Mytisk minneloop

I Vibeke Tandbergs litterære univers inntar dramatikken romanen.

Utsletting: Kva skjer eigentleg når Vibeke Tandberg prøver å utradere sine eigne romanpersonar? Foto: Maria Bergren

I litteraturhistoria kan ein finne mange døme på verk der svakt plot, lite framdrift og utradisjonell personteikning blir sjølve kvaliteten ved verket. Samuel Becketts forfattarskap, eit av førebileta til Vibeke Tandberg, er truleg sjølve inkarnasjonen av ein slik karakteristikk.

Tandbergs prosa blir interessant nettopp fordi universet hennar går i dialog med dramatikken like mykje som hennar eige virke som biletkunstnar. Det manifesterer seg i ein luftig oppsett prosa meir prega av scener og ein beckettsk stillstand enn tradisjonell handling og levande og runde karakterar.

 

Annonse