10:29 - 05. juni 2014

Med hælane i støypen

Kjartan Fløgstad har vunne slaga, tapt krigen, fyller 70 år og er aktuell med tre bøker. – Eg e heilt øvegidde sjølv, seier Fløgstad.

Heimebanen: Kjartan Fløgstad har budd i Nydalen i tretti år. På den tida har kulturbedriftar, BI og PST teke plassen der det før var industri. Foto: Ellen Lande Gossner

Då Dag Solstad fylte 60, forkynte han at han trudde han hadde tre bøker att å skrive. Det kalenderåret Kjartan Fløgstad fyller 70, gjev han ut tre nye bøker på eitt år. Romanen Magdalenafjorden er alt ute, til hausten kjem historieverket Dovre faller i lag med fleire forfattarar, og i sommarferien skal han til Brasil med sonen Aslak Nore for å skrive om fotball-VM for Font forlag.

– Ja, altså, det har hopa seg litt opp i år. Eg var ferdig med denne romanen til jul, og då eg trykte på send-knappen låg det ein billett til fotball-VM ved sidan av maskina. Slikt er kjekt, seier Kjartan Fløgstad over restane av ein lunsj som journalisten før oss spanderte, på restauranten Bryggeriet i Nydalen.

Her i Nydalen i Oslo har Fløgstad budd dei siste tretti åra, i eit landskap som i dag ser ut som ein gigantisk kulisse til ei hollywoodsk filmatisering av Fløgstads samla forfattarskap. Det som ein gong var eit tungindustrielt kraftfelt langs Akerselva, hyser no riksteater og bokklubb og fjernsynsstudio og BI og PST.

Annonse