Annonse
11:19 - 04. april 2014

Glamourens banalitet

Siri Hustvedt dissekerer kunstresepsjonens forslitte sanningar. Det blir lett ufrivillig banalt.

Nysgjerrig: Siri Hustvedt viser med Denne flammende verden at hun er utstyrt med stor intellektuell appetitt og nysgjerrigheit ⇥Foto:Ellen Lande Gossner.
Annonse

ANMELDELSE

Med eit tydeleg komplott rundt spel om kunst og identitet, er det lett å tenke på Carl Frode Tillers varsla trilogi Innsirkling når ein les Siri Hustvedts roman Denne flammende verden i Bodil Engens gode omsetjing. Der Tillers David (bok tre kjem til hausten), som har mista minnet, søker etter historier om kven han er og var gjennom ei annonse, prøver Hus­tvedts Harriet (Harry blant venner) seg på ei rehabilitering av sitt eige ry som kunstnar.

Det eksistensielle puslespelet har hos Tiller og Hustvedt i stor grad same ingrediensar: like mykje dykk i sosiologiske strukturar som i psykologi. Skuffa over mottakinga av arbeida ho stilte ut på 1970- og 1980-talet i New York City, set Harriet Burden tjue år seinare i gang eit prosjekt, som òg blir romanens hovudføremål, å avsløre kvinneforakta ho er blitt utsett for i kunstverda. Det kvernande spørsmålet er: Kor mange kvinnelege kunstnarar er det eigentleg som har fått lov til å ruve i kunsthistoria?

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse