Annonse
10:00 - 24. januar 2014

Eventyr og brotsverk

Portrettet av den russiske forfattaren og politiske aktivisten Eduard Limonov er ei engasjerande historie om eit eventyrleg og skrekkeleg Europa.

Mykje å sjå tilbake på: Eduard Limonov har vore kriminell bølle i Ukraina, idol for Sovjetunionens undergrunnsmiljø, uteliggar og så hovmeister på Manhattan, berykta forfattar i Paris, soldat på Balkan og ven med Karadzic , og til slutt karismatisk leiar for Det nasjonal-bolsjevikiske parti. Her vert han teken av politiet under ein demonstrasjon i Moskva, oktober 2013. Foto: Dmitry Lovetsky/Ap/NTB Scanpix
Annonse

Emmanuel Carrères portrett av den russiske forfattaren Eduard Limonov viser frem eit intenst liv fylt av kontrastar.

Etter at den russiske journalisten Anna Politkovskaja blir drepen i 2006, dekker den franske forfattaren tragedia. Han kjem i kontakt med kretsen rundt Politkovskaja og skjøner at Limonov i miljøet av politiske aktivistar no blir sett på som ein helt.

Carrère kjende den russiske forfattaren og opprøraren frå Paris på 1980-talet, men bildet av han blei sverta etter at Limonov i kjølvatnet av kommunismens fall reiste til Serbia for å kjempe på serbisk side. I eit intervju i The Paris Review skildrar Carrère revideringa av bildet av ein fascistisk Limonov slik: «det var som om Bernard-Henri Lévy og Bernard Kouchner plutseleg sa, Marine le Pen, ho er jo verkeleg bra no.»

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse