Annonse
13:25 - 13. mars 2014

Eit lite stykke Amerika

90 år gamle Paula Fox skriv knitrande og klart og med eit absolutt gehør for minne frå sin eigen oppvekst.

Uønska: Paula Fox blei fødd i 1923. Kan ho verkeleg hugse så mange detaljar frå sin egen barndom? Foto: Victoria Will / NTB Scanpix
Annonse

Eit barn som heilt frå byrjinga av livet blir skufla rundt som ein uønska pakke, kva konsekvensar har det? Det er dette amerikanske Paula Fox undersøkjer i den sjølvbiografiske romanen Lånt stas, ein «minneroman» som omsetjar Tove Bakke treffande og fint har gitt den som undertittel (originalt «a memoir»).

I årevis rekna forfattaren seg ansvarleg for alt som skjedde i livet hennar, sjølv alle dei hendingane ho ikkje hadde den minste kontroll over. Og som ho skriv: «Det var ikkje fordi eg var spesielt edel eller storsinna at eg gjorde det. Det var eit håplaust ønske om å kunne finne ut korfor det var ein så stor katastrofe for mor mi at eg var fødd og fanst.»

 

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse