Annonse
15:17 - 10. oktober 2013

Tvilen kryper inn

Kan forfattaren bli brotsmann i jakta på autentisitet? Nikolaj Frobenius plantar ei snikande uhygge i både tekst og lesar.

Subtile løgner: Nikolaj Frobenius fikk mykje merksemd for si sjangerutforsking i den sjølvbiografiske romanen Teori og Praksis (2004). Med Mørke grener rettar han det kritiske blikket lenger fram. Arkivfoto: Siv Dolmen
Annonse

Helvete er ein stad i hovudet, blir det hevda eit stykke ut i Nikolaj Frobenius’ nye roman. Det er det lett å tru på etter å ha lese den ferdig. For når hovudpersonen, ein forfattar som er aktuell med sin fjerde roman (den første som er sjølvbiografisk og som skal få det til å losne, altså nå eit større publikum), begynner å gå opp i liminga, er det høgst uklart om det er hovudet til eg-forteljaren eller verda rundt som krakelerer.

 

Snikande løgner. Romanen stiller fleire interessante spørsmål: Er det sjølvbiografiske språket det næraste for ein forfattar? Kan forfattaren bli til brotsmann i jakta på autentisitet? Og kva gjer ein når ein absolutt vil til verkelegheita, men den berre glepp og alt blir umogleg å kjenne igjen? I ein kronikk i NRK Ytring 21. september (eit innlegg i debatten om Marit Christensens bok om Wenche Behring Breivik) spør Frobenius kva som skjer når ein tvil snik seg inn overfor ein tekst som gir seg ut for å vere påliteleg og sann. Frobenius sjølv er heimsøkt av ein gnagande tvil om at litteraturen si «sanning» er blitt ein snikande, subtil løgn, ei forstilling, eit falskt og skadeleg språk, og siterer – både i kronikken og i denne romanen – den chilenske forfattaren Roberto Bolaño: «Hvis all litteratur forandrer seg til biografier og selvbiografier, vil litteraturen opphøre å eksistere og bli forvandlet til en kloakk av betroelser.»

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Beskrivelser av smerte tar mye plass, og flere av dem er treffende.
En annen novelle handler om hvordan fortelleren studerer en lommetyv i arbeid, og fryder seg over det kriminelle håndverket.
Norges ninjakommandør presenteres som en restaurert samling av fire tegneseriehefter utgitt i 1987, nylig gjenoppdaget i Nasjonalbibliotekets arkiver.
Solveig-koblingen er ikke påtrengende. Derimot åpner teksten på usedvanlig blekt vis.