Annonse
15:31 - 31. oktober 2013

Scener frå provinslivet

Tore Renberg har aldri vore tettare på sitt litterære førebilete Honoré de Balzac.

Ømt og insisterende: Det skortar hverken på burlesk komikk eller storslått sentimentalitet i Renbergs forteljing om jakta på pengar, makt og «enjæklaverdenavhamrendekjærlighet». Foto: Arne Bru Haug
Annonse

Då Tore Renberg i fjor gav ut essaysamlinga På fest hos litteraturen viste han seg, ikkje heilt overraskande, som ein sta satan som ikkje gir slepp på begeistringa same kva. I staden for å la begeistringa bli følgt av refleksjon para essayisten Renberg entusiasmen sin med trass. Noko spissformulert såg tesen ut til å vere at alle synest modernisme, motstand og friksjon i litteraturen er bra. Derfor synest ikkje Renberg det lenger. Derimot er det ingen som synest den snuskete, enkle, episke forteljinga er bra. Derfor synest Renberg det.

 

Romantisk trass. Tore Renbergs nye roman har mange gode portrett av trassige menneske. Slik demonstrerer romanen at trass fungerer betre som litterær motor i karakterteikningar enn som drivkraft for forfattaren sjølv. Den frekke, sjølvstendige og Evanescence-dyrkande tenåringen Tiril og den småkriminelle Rudi, kongen av både puling og kjærleik, er to av fleire trassige typar i Vi ses i morgen. Med sprakande og kontrastrike fargar, mange og korte kapittel og raske skift skisserer forfattaren opp eit samtidsportrett som strekker seg over tre varme dagar i september der ei mørk og småkriminell underverd er like nær, trugande og reell for den skikkelege, søkande og hyperforelska tenåringen Sandra som for den kommunetilsette, og etter kvart djupt speleavhengige aleinefaren Pål.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse