Annonse
13:45 - 29. august 2013

Paranoia og verkelegheit

Jonas Hassen Khemiris dramatiske tekst om tida etter eit terrorangrep blir eit nummer for liten for eigne ambisjonar.

Terror: I sin tredje roman nyttar Jonas Hassen Khemiri eit sterkt førelegg frå verkelegheita: timane før og etter at ein terrorist sprenger seg sjølv i lufta i Stockholm 11. desember 2010. Foto: Katinka Hustad
Annonse

Jonas Hassen Khemiris forrige roman, Montecore. En unik tiger (2006), var full av fantastiske setningar. Som slike: «PS: Jeg radierer deg positive tanker og reserverer begge mine tomler foran den kommende publiseringsdagen. God lykke!». Boka er forma som ei epostutveksling mellom ein gryande forfattar med namn Jonas Hassen Khemiri og familievennen Kadir. På sitt fransk-arabisk-engelsk-skandinavisk blir Kadir ikkje berre ein viktig formidlar av faren sin oppvekst i Tunisia, men òg av moderne svensk innvandringshistorie (og ei veldig fin kjelde til latter).

 

Schizofrent trykk. I den tredje romanen skiftar Khemiri frå eit tydeleg biografisk førelegg til eit kanskje enda sterkare førelegg frå verkelegheita: timane før og etter at ein terrorist sprenger seg sjølv i lufta på Drottningsgatan i Stockholm 11. desember 2010. Ei veke etter hendinga har Khemiri ein kronikk på trykk i Dagens Nyheter om terroren, og om uroa han synst har spreidd seg i etterkant. Kronikken startar slik: «Jag ringer mina bröder och säger: Det hände en så sjuk sak i går. Har ni hört? En man, en bil, två explosioner, mitt i city.»

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse