Annonse
15:16 - 03. oktober 2013

På botnen av hjartet

Sara Stridsbergs skrift er ei konsekvent utforsking av kjærleikens nattside.

Vidareføring: Sara Stridsbergs karakteristiske språk, slik ein kjenner det frå romanane, beint på og poetisk, finn ein igjen i både dialogar og scenetilvisingar i skodespelet Medealand. Foto: Siv Dolmen
Annonse

Kjærleiken er like umogleg å oppnå med makt som med vilje, og akkurat like uunnverleg om vi vil forstå oss sjølv som levande menneske. Det skriv den svenske forfattaren Steve Sem-Sandberg i etterordet til utgivinga av Sara Stridsbergs skodespel Medealand. Stridsberg dissekerer kjærleikens natur på sin måte, ved å bruke myten om Medea og Jason og sviket til Jason til å hente fram alt slagget som òg høyrer kjærleiken til: einsemda, heimløysa og hatet.

Stridsbergs karakteristiske språk, slik ein kjenner det frå Drømmefakultetet og Darling River, beint på og poetisk, ubehageleg og vakkert, finn ein igjen i både dialogar og scenetilvisingar. Ut over den språklege krafta posisjonerer forfattarskapen seg ved nettopp dette tilbakevendande grepet: å skrive variasjonar, over ein allereie eksisterande tekst eller eit liv. Over Sally Bauer som svømte over den engelske kanalen (debuten Happy Sally 2004), over Valerie Solanas og manifestet hennar SCUM, Society For Cutting Up Men (Drømmefakultetet 2007) og over Lolita-myten og Vladimir Nabokovs roman (Darling River 2010).

 

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Solveig-koblingen er ikke påtrengende. Derimot åpner teksten på usedvanlig blekt vis.
Beskrivelser av smerte tar mye plass, og flere av dem er treffende.
En annen novelle handler om hvordan fortelleren studerer en lommetyv i arbeid, og fryder seg over det kriminelle håndverket.
Norges ninjakommandør presenteres som en restaurert samling av fire tegneseriehefter utgitt i 1987, nylig gjenoppdaget i Nasjonalbibliotekets arkiver.