Annonse
15:49 - 05. september 2013

Litterært puslespel

Kan ein forfattar skrive eit annan sitt verk på nytt? Mona Høvring utfordrar Camilla Colletts forteljing om seg sjølv.

Camilla Collett i ny drakt: Mona Høvring har skrevet ein litterært dristig gjenfortelling av Colletts I dei lange Nætter. Foto: Nasjonalbiblioteket
Annonse

Camilla Colletts I de lange Nætter kom første gong ut i 1863, og i ei revidert utgåve i 1892. Begge byrjar med ein «Tilegnelse», der ho etablerer ein fellesskap med lesarane: «Ved du, hva det vil sige at være søvnløs? end du? og du?»  Saman med andre sømnlause ønskjer ho å finne nærvær, og forståing for dei historiene ho skal til å fortelje. Der Collett brukar tid og ironisk snert på å etablere lagnadsfellesskapet, lar Høving eg-forteljaren sin konstatere tilstanden som eit faktum: «Jeg skreiv om nettene». Romanen hennar sluttar når hanen gjel.

Camillas lange netter er bygd opp av fortetta fragmentaktive tekstar som alle står i open dialog til Camilla Collett (1813-1895) sitt liv og verk. Dei varierer frå det ultrakorte til eit par-tre små sider. Romanen er delt inn i to avdelingar. Den første delen munnar ut i fragmentet «Erfaring»: «Da jeg fant ut hvem jeg var, slutta jeg å skrive». Frå dette nullpunktet startar forteljaren si sjølvsentrerte undersøking av svingingspunkta mellom erindring og erfaring. Høvrings eg-person er direkte forankra i Colletts.

 

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.