Annonse
13:43 - 22. august 2013

Gjennom kjøtet

Kroppsleg teft pregar Roskva Koritzinskys fine novelledebut.

Med sans for sansane: Koritzinsky er på sitt beste når ho skaper gode kroppslege bilde på mentale tilstandar, meiner vår anmeldar. Foto: Ellen Lande Gossner
Annonse

Da professor i engelsk litteratur Terry Eagleton sist veke heldt føredrag på ein konferanse på Universitetet i Oslo, serverte han opptil fleire fine vitsar. Ein av dei gjekk ut på at om ein skal få pengar til forskingsprosjekt, bør ein ha ordet «body», «kropp», med i søknaden. Kropp er altså ein akademisk trend for tida, skal ein tru professoren.

I den danske avisa Information skreiv Mikkel Krause Frantzen i fjor om ei ny tendens blant yngre forfattarar som han kalla «poetisk materialisme». Det som ser ut til å vere på ferde i deler av den danske samtidslitteraturen er verken ei popkulturell kroppsdyrking eller historisk materialisme i Marx’ ånd, men ein slags naturvitskapeleg materialisme: «en ny virkelighedsopfattelse, som indebærer, at væren selv er en materiel sammenfiltrethed af mikrober, mineraler, partikler, kød, hud og kroppe».

 

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse