Annonse
15:45 - 05. september 2013

Berre eit band

Portretta av medlemmene i The Clash viser kva som er styrken, særpreget og problemet med Frode Gryttens litteratur.

Fire unge menn: Det er mai 1981 og The Clash – frå venstre Mick Jones, Joe Strummer, «Topper» Headon og Paul Simonon – har landa på JFK-flyplassen. Snart skal dei spela sytten konsertar i New York. Desse dagane dannar utgangspunkt for Frode Gryttens (under) Brenn huset ned. Foto: David Handschuh/AFP/NTB Scanpix
Annonse

I den nye romanen sin er Frode Grytten truleg tilbake dit forfattarhjartet bankar som hardast og tastaturet blir som varmast: i musikken. Pønken har halde koken nokre år, men mest i undergrunnen. Seinvåren 1981 held det britiske punkbandet The Clash sytten konsertar på Bond International Casino og skaper kaos på Times Square. Med desse maidagane i New York som utgangspunkt skaper Grytten fire følsame portrett
av dei like følsame musikarane som unge menn.

 

Berre vere følsam. Eg har eit nokså ambivalent forhold til forfattarskapen til Frode Grytten, til melankolien som pregar mesteparten av tekstane, og til forsøka på analysere si eiga tid (som til dømes i den forrige romanen Saganatt). Melankolien kan ofte bli altfor søt og samtidsdiagnosane litt for føreseielege (der mykje helst var betre før). Grytten er elles god på klisjear, men helst god i den forstand at han viser at vi ikkje greier oss utan dei, fordi språket er fullt av dei.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse