Annonse
15:39 - 22. desember 2011

Tårn

Aravind Adiga skildrar alle tinga som trass alt fungerer, og den relative freden i det som snart blir verdas mest folkerike land.

Fra slum til luksus: Last Man in Tower fortel om eit luksushotell i New Delhi med ei uroleg masse av slumbebygging under seg.
Annonse

The tower suites har badekar og dusj; både vatn frå kranene – og på vassflasker. Og det sjølv om kranvatnet er reint nok til å vaske andletet i. The tower er øvst av det øvste i New Delhi. På The Claridges Hotel budde Formel 1-stjernene frå 29. til 31. oktober. Mellom øktene i runde 17/ 2011 hadde dei heile rekka av luksussuitar, og to gongar tre meter med ubrotne vindauge mot bassenget nedanfor, bilbanen bortanfor. Bak banen byrjar bilkorkane, folkeklyngene, sykkeltrekkarar, teltleirar og matlaging over opne eldar. Bål og bussar, slum og rottereir.

The rat-race var kva ho flytta frå, Mrs. Rego frå romanen Last man in Tower. Ho kom frå Mumbai sentrum til mellomklassen Vishram Society. Samfunnet har to motståande høghus som kjempar mot rivekåte utbyggarar: Med ei uroleg masse av slumbebygging under seg og bråkete fly som frekventerer luftrommet over, verkar tårna vaklevorne; kjempande om plass og om vatn; mot dårleg fordøyelse, vommer verkande av bederva mat og vassflasker som ein trudde var forsegla, trygge, men som sjeldan er det. Sjølv om det i Aravind Adigas tredjebok har komme noko meir lys mellom boksidene, blir det ikkje heilt kvitt, men gråtonar.

Førsteromanen Hvit tiger er frå ein kakkerlakkjellar. Sosioøkonomiske forskjellar belyst av brennheit sol – eller stummande kjellarmørke. Romanen skjer anten under bakkenivå, eller aller øvst, på penthousenivå; frå kvar side av barrane i dyrehagar, horehus, huseigaranes tjenarhol.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.