Annonse
04:00 - 17. juni 2011

Krakeleringskunst

Edy Poppy etablerer seg med samanbrotsnoveller.

Gravskrift: Edy Poppy tar ofte for seg forhold som brest, men stiller sikte på spenninga som fører to i hop. Foto Erlend Aas / SCANPIX
Annonse

Edy Poppys etterlengta andrebok, novellesamlinga Sammen. Brudd., sluttar med ein poetikk. Frå no av skal ho byrje å skrive frå det punktet der huda flassar, for slik tynne lag kan rivast frå nasen etter ein har vorten solbrent, skal overflødige ord fjernast frå skrifta: «Og det er herfra jeg må skrive min neste roman».

Det er seks år sidan Poppy debuterte med romanen Anatomi. Monotomi. Programerklæringa gir meg store forventningar til den neste. Poppy har allereie etablert eit sterkt seksualitetsutforskande prosjekt. Hennar ublu skildringar av sex og onani gjer at ein kan trekkje liner til Olaug Nilssens Få meg på, for faen og til Karin Moe sine tidlege bøker. Kjønn er struktur og makt. I universet Poppy syner fram, er alle relasjonar ustøe og vaklande.

Pseudonym. Sammen. Brudd. inneheld sju noveller. Poetikken ovanfor er henta frå «Den siste novellen». Tek ein tittelen på alvor, representerer boka forfattaren sin veg inn til og ut frå novellesjangeren. Det er som om ho har prøvd ut formatet og funne ut at det ho har å skrive om, treng større rom. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i ei slik vurdering, for sjølv om novellene jamt over held høg kvalitet, har fleire av dei eit noko forsert preg.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse