Annonse
04:00 - 23. september 2011

Demensdimensjonar

Sunniva Lye Axelsen debuterer med ein sterk roman om demens og sjukdommens altomseggripande destruksjon.

Sterkt kvinneportrett: Sunniva Lye Axelsen femnar dei samansette tapserfaringane også i språket. Foto: Elke Mayrhofer
Annonse

Er det laurdag eller februar? Ei gamal, einsleg kvinne går rundt i leilegheita si. Nittiårsdagen nærmar seg, men livet hennar vart aldri slik som ho tenkte det skulle bli. For å halde nokolunde oversikt over dagane skriv ho dagbok, men dagane rotar seg saman. Kva er det som skjer?

Følgje meg alle mine dager er ein strengt komponert liten roman. I dei fragmenterte tekstane får vi innblikk i den gamle kvinnas kvardag, og dei mange nederlaga hennar. Tidspunkta og hendingane blandar seg saman, og forteljaren dett heile tida inn og ut av minne og nåtid. Når er no? Korleis kan ho vere ungjente i den eine augeblinken og så, så gamal i den neste? Kven er det gamle ansiktet i spegelen?

Vente på summetonen. Den aldrande kvinna er ein heller sjeldan figur i norsk samtidslitteratur, sjølv om både Stig Sæterbakken (i Siamesisk, 1997), Kjersti Annesdatter Skomsvold (Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, 2009) og Eli Sol Vallernes (Høstreise, 2000) har skrive interessant om same tematikken. Sunniva Lye Axelsens roman stiller skarpt på demenserfaringane:

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Siste