04:00 - 01. april 2011

Livsfilosofisk tyggjegummi

Siri Hustvedt byggjer opp Sommeren uten menn kring kjærleikssvik og intellektuell plapring.

Feminint gruppeportrett: I sin siste roman skriv Siri Hustvedt om utruskap og kvinnefellesskap. Foto: Getty Images

Mia Fredrickson, hovudpersonen i den internasjonale suksessforfattaren Siri Hustvedts siste roman, er litteraturlærar, poet og nokon og femti. I tretti år har ho vore gift med vitskapsmannen Boris, men ein dag kjem han og seier at han må ha ein pause. Pausen er ein storbrysta yngre fransk kollega.

Utgangspunktet for Sommeren uten menn er altså ei triviell utruskapshistorie. Mia bryt saman, og i nokre veker må ho vere på psykiatrisk sjukehus. Da ho kjem seg på føtene att, reiser ho til den vesle staden i Minnesota der den gamle mora hennar bur i eit slags bufellesskap for eldre kvinner. I løpet av sommaren blir ho kjent med mora som gammal kvinne, og gradvis blir ho involvert i liva og lagnadene til dei eldre kvinnene som bur der, den unge tobarnsmora over gata, samt ei gruppe tenåringsjenter på skrivekurs. Sjølv er Mia mor til skodespelaren Daisy.

Annonse