Annonse
04:00 - 16. juli 2010

Vaffelhjarta må henge saman

Fjorten år er ikkje lenge når det ein ventar på er så interessant som Lisbet Hiides nye roman.

Surrealist med styring: Lisbet Hiide vrengjer livet i ein vestkantvilla på sekstitalet på vranga. Foto: Finn Ståle Felberg/Oktober
Annonse

Nett no, når eg ser ut glaset, ser eg ein kvit hund som liknar så på ein sau at eg mest høyrer han breke. Eigaren, ein sommarbrun, rund danske, tøflar ved sida av hunden med ei mine som seier: «Dette er hunden min: min hund!» Fleire gongar medan eg skriv denne meldinga, tar eg meg i å skrive «sin» i staden for «min» når eg skal skrive tittelen på romanen. Skrivefeilen er ei tematisk oppsummering. Boka er delt inn i tolv kapittel, som alle er bygd opp kring ei sentral hending, som ein rapport, eller ei slags dagbok.

Heim av rotne plankar. DPM, draumen om den perfekte mannen, eller rettare utholinga av DPM, spelte ei sentral rolle i debutboka til Hiide, Alices særegne opplevelse av natt. 12 novellistiske tekster (1985). Tjuefem år etterpå er dette framleis ein sentral tematikk. Denne gongen er synsvinkelen lagt til Bella, ei langbeint, tynn pubertetsjente som forgudar far sin. Fysisk skil Bella seg ut frå resten av familien sin, og gjennom det fysiske etablerer Hiide henne som ein outsider i eigen familie. Bella drøymer om farens kjærleik, om at han skal sjå henne og elske henne som han elskar hunden sin.

Handlinga er lagt til «et hus for alle hemmeligheter, stengt ute fra verden eller i sin egen verden. Et liksomhus, et hjem bygd av råtne planker som ikke kunne holde noe sammen.» Alt dreier seg kring faren. Han er sjeldan heime, men styrer likevel alt. Han er ein Omar Sharif-liknande støvsugarseljar som kanaliserer all kjærleiken sin til hunden, syng songar til henne i telefonen, men klagar på dyre teljarskritt når barna hans vil snakke med han. Han er som eit svart hol som trekk alt og alle til seg og sluker dei. Forteljaren drøymer om å forsvinne inn i kraftfeltet hans. Ho underordnar seg han og blir sjølv som ein logrande lydig hund.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker