Annonse
04:00 - 21. mai 2010

Onani for fred

Smart debutant med god humor.

Surrealistisk: Frå ein triviell og lett gjenkjenneleg kvardagsleg ramme let Bjarte Arneson historiene spinne seg opp til absurdfiffige dimensjonar. Foto: Ole Jakob Bøe Skattum/Tiden
Annonse

Den surrealistiske snerten i Bjarte Arnesons (f. 1978) debutnoveller gjer at eg opptil fleire gongar tar meg i å skratte høgt. Å setje opp latter som eit kriterium for litterær kvalitet, er kanskje ikkje det mest stuereine, men i møte med dusinet historier i Dette forandrer alt, er det nettopp det skeive blikket på verda og litteraturens moglegheiter som blir det mest slåande.

Nye kontaktlinser. Den første historia handlar om ein ung mann med forfattarambisjonar som på ekte kunstnarmytevis har trekt seg tilbake til ei hytte i skogen for å skrive. Etter ein månad treng han ny forsyning av kontaktlinser og dreg ned til den nærmaste tettstaden. Der forulempar han servitrisa på kafeen med å observere henne og skrive om henne. Å bli gjort til ein fiktiv person, og altså ikkje lenger eksistere som ein faktisk person, blir eit akutt eksistensielt problem for henne. « – Jeg ringer til politiet! Med en tekstlinje (denne) bestemte jeg at telefonen ikke fungerte.»

Å løfte fram skriveprosessen og gjere han til eit tema i den fiktive historia sjølv er eit velkjent grep som ein kjenner frå den postmoderne litteraturens glansdagar. Etter litt krangling kjem skrivaren og hovudpersonen fram til eit kompromiss: «– Hvis du bestemmer alt, sa hun, – kan du ikke gi meg et godt liv? Kan du ikke få noe fint til å skje?» Og så handlar sjølvsagt resten av historia om dette perfekte livet.

Annonse

Mest lest

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker