Annonse

Annonse

04:00 - 28. mai 2010

Ideologikritikk med slegge

Eivind Tjønneland får plass til heile sitt eige kulturradikalisme-prosjekt i kritikken av Karl Ove Knausgård.

Svimlande perspektiv: Eivind Tjønnelands fortolkingar av Karl Ove Knausgårds Min kamp er til tider hardhendte. Foto: Siv Dolmen/Arkiv

Som ein del av Knausgård-året i norsk litteratur, har Eivind Tjønneland levert eit 150-siders ideologikritisk essay, der analyseobjektet dels er romanserien Min kamp, dels kritikken av denne. Ideen oppstod etter Jan Kjærstads kritiske kronikk i Aftenposten, der han skulda norsk kritikk for ei doksisk og stupid semje, i kritikkens stad. Tjønnelands prosjekt er å supplera den offentlege debatten med fleire omgrep, for å unngå omgrepslaus patos (Åååå! som det heiter i romanane).

Kynisk svindel. Det er prisverdig. Norsk kritikk er ofte einstonig, og vurderingane like. Tjønneland har lese kritikken, og har ei verdfull referanseliste over den. Som vanleg skriv han poengtert og hardtslåande. Sluttlinja er at metaforen for Knausgårds verk er tidleg sædutløysing. Det går for fort.

Tjønneland les verket som ideologi, definert som uforeinlege motsetnader som skjuler ei underliggjande sanning. Kombinasjonen av ekshibisjonisme og medieskyheit, mindreverd og stormannstankar og sjangervaklinga mellom roman og biografi er slike motsetnader. Her ser ein hos Tjønneland ei drift mot det enkle og eintydige. Overskridingar og paradoks er diffus metafysikk, om det ikkje er kynisk svindel. I slutten av verket blir påstanden snudd rundt: då er det Knausgård som forenklar utillateleg ved å gjera den autoritære faren til forklaring på det truga (post)moderne subjektet. Undervegs får han brukt arsenalet frå sitt kulturradikale prosjekt: Religion er masochisme, lemenmarsjen mot Gud er lemenmarsj mot mammon.

Skam og anger. Analysen av kritikken trer etter kvart tilbake for analysen av romanane. Med utgangspunkt i resepsjonsestetikken, hevdar han at Knausgård «kynisk» og medvite har laga opne rom i bøkene sine, slik at lesarane kan dikta inn sin eigen barndom. Noko kritikarane stadig har gjort – kritikk blir novelle. Dette blir definert som «Knausgårds forførelse» av lesaren.


Lese mer?

UKE
59,-
Inkluderer også tilgang til arkiv og eAvis.
ABONNEMENT
Fra 35,-
per uke
Følg de viktige debattene og få en dypere innsikt i samfunnsaktuelle saker hver uke.
ARTIKKEL
20,-
Betal med Vipps/mCash/PayPal/Bitcoin.

Annonse

Mest lest

Få tilsendt Morgenbladets redaksjonelle nyhetsbrev hver fredag.

Mer fra Bøker