Annonse

Annonse

04:00 - 20. november 2009

Gammaldags og skinande nytt

Mangelen på ironi og distanse i forteljinga om Karl Ove Knausgårds liv er til å miste pusten av.

Skriv sitt liv: At Karl Ove Knausgård ikkje ytrar nokon ambisjonar om å vere ein performanceartist, tyder ikkje at han ikkje er det. arkivFoto: Siv Dolmen

«A lot of people tell me they enjoy that album. It’s hard for me to relate to that. I mean, people enjoying that type of pain, you know?» Det sa Bob Dylan ein gong i eit radiointervju, om albumet Blood on the Tracks. Eg tenkte på det sitatet og den plata medan eg las Min kamp 2. Etterpå tenkte eg på den appetitten eg hadde lest boka med, for ikkje å seie blodtørsten, som sjølvsagt ikkje er nokon blodtørst, men i alle tilfelle ein tørst etter noko. Og eg har, her eg sit, lett for å forestille meg forfattaren av Min kamp sin ambivalens til den tørsten han kanskje observerer hos lesaren sin. Det er, for å seie det brutalt, noko eige med å ta si eiga smerte og gjere henne til vare, tilpassa samfunnet sine distribusjonsformer, og så finne ut at ho er etterspurt. Etterspørselen har i sin tur sjølvsagt mindre med denne bakgrunnen å gjere enn med verket si form.

Krisetilstand. Eg skriv under på det fleire allereie har skrive: Som roman er toaren meir ujamn enn einaren, men dei sterke delane er vel så sterke, og veg opp for dei svakare. Kanskje er det òg slik at det dårlege er med på å bygge opp under det gode? Ein del litt stive dialogar, litt for lange og skriftleg prega monologar, festtalar og eit ellers godt og oppfinnsamt språk som av og til går på tomgang, gir kanskje eit preg av noko umiddelbart over verket.

I ein sentral passasje i boka skriv Knausgård:

De siste årene hadde jeg mistet mer og mer tro på litteraturen. Jeg leste, og tenkte, dette er det noen som har funnet på. Kanskje var det det at vi var fullstendig okkupert av fiksjon og fortellinger. […] Dokumentarprogrammene hadde samme form, det var også fortellinger, og da gjorde det ingen forskjell om det de fortalte om, faktisk hadde hendt eller ikke.

Lese mer?

UKE
59,-
Inkluderer også tilgang til arkiv og eAvis.
ABONNEMENT
Fra 35,-
per uke
Følg de viktige debattene og få en dypere innsikt i samfunnsaktuelle saker hver uke.
ARTIKKEL
20,-
Betal med Vipps/mCash/PayPal/Bitcoin.

Annonse

Mest lest

Få tilsendt Morgenbladets redaksjonelle nyhetsbrev hver fredag.

Mer fra Bøker