Annonse
04:00 - 28. mars 2008

Trist, men løfta etterpå

Siri Hustvedts nye ro­man pir­rar in­tel­lek­tet utan å mis­te si emo­sjo­nel­le kjer­ne.

Målretta og systematisk: Siri Hustvedts nye roman The Sorrows of an Ame­ri­can er full av sto­re og små opp­da­gin­gar. Foto: Erlend Aas/Scanpix
Annonse

Siri Hustvedts fjerde roman, The Sorrows of an American, opnar med at psykiateren Erik Davidsen ser tilbake på året det skal dreie seg om i sidene som kjem. Søstera hans tenkjer på det som eit år fullt av løyndommar, fortel han, men sjølv har han i ettertid snarare kome til å tenkje på det som «ei tid mindre prega av det som var der, enn det som ikkje var der».

Observasjonen fungerer godt som eit anslag for boka: Lesaren blar vidare og ventar på at alt som har vore skjult i fortid så vel som notid skal sjå dagens lys, men fråveret forteljingane nennsamt sirklar inn vert gradvis langt viktigare. For romanen går over i ein intrikat meditasjon over dei uklare grensene mellom det som er tapt og det som manglar i eit menneskes liv: Alle bokas karakterar saknar, lengtar og leitar, både i det som er, og i det som har vore, etter noko som kan fylle eit tomrom som har fått prege deira livstilstand.

Boka i boka. Erik har mist far sin, Lars, og saman med søstera Inga går han gjennom skuffer og skap. Det viser seg at Lars har skrive eit memoar om oppveksten sin i tredveåras Minnesota, og om tida som soldat i andre verdskrig. Heile passasjar frå desse etterlatne papira får ein sentral plass i romanen; dei tilfører teksten hybriditet og ein unik intimitet. Orda til faren setjer dei som er att i kontakt med ein som er borte, men ikkje berre dét – dei teiknar òg eit nytt bilete av han, ikkje minst sidan barndommen og krigshendingane har vore noko han har snakka lite om med sine næraste.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Siste