Annonse
04:00 - 12. desember 2008

Meg, meg, meg!

Peter Normann Waage har gjort det alle medie-narsissistar drøymer om: han har skrive ei bok på nesten 700 sider med tittelen «Jeg».

Nesten umulig: Petter Normann Waage (nederst til høyre) har teke på seg å samanlikna kategoriane for sjølvoppfatning opp gjennom historia, via blant andre (øverst f.v.:) Goethe, Calvin, Foucault, Swedenbrg (midten), (nederst f.v.:)Luther, Steiner og Kant.
Annonse

Men desse sidene demonstrerer så å seia at han har forstått sitt eige poeng: at individualiteten, sjølvet, eller eget ikkje kan forståast narsissistisk. Sjølvmedvitet kan berre oppstå når det arbeider med noko utanfor seg sjølv. I den forstand er det eit erkjenningsmessig, og ikkje berre moralsk poeng i Ibsens sentens «at være sig selv er sig selv at døde».

Eit sveip. For denne boka handlar i svært liten grad om sin forfattar. Den handlar om store deler av kulturhistoria, frå antikken og til i dag, med fokus på forståinga av det vi legg i ordet «eg». (Den nynorske forma av pronomenet minner på sin måte om kor kulturelt konstituert dette fenomenet er.) Og kva ein enn måtte meina om enkeltanalysar eller for den del heile konstruksjonen til Waage: Dette er imponerande. Det er eit sveip gjennom kulturhistoria, med innsiktsfulle presentasjonar av litteratur, religion og filosofi frå mytens tid, gjennom antikken og mellomalderen, opplysningstida og moderniteten og fram til i dag. Og sjølv om Waage kan vera varierande treffsikker, så er han alltid kunnskapsrik, interessant og lesverdig. Han kombinerer ein journalistisk presentasjon med omfattande kunnskapar, og framfor alt greier han å skriva om religion, filosofi, litteratur, politikk og psykologi med same levande interesse.

Klart blikk. Spørsmålet han stiller, er altså korleis vi skal forstå vår individualitet, det vi meiner når vi seier «eg», og korleis denne kategorien har vakse fram. Det sentrale problemet blir då å analysera forholdet mellom individ og kollektiv, korleis det enkelte mennesket både blir skapt av og bryt seg laus frå den kollektive tilknytinga. Dette ser vi i kim alt i mytane, ikkje minst i syndefallsfortellingane. Og vi har individuelle figurar som Sokrates og Jesus, som begge bøter med livet på grunn av brotet med det allmenne. Waage har eit klart blikk for det tvitydige med mange av aktørane: Platon teiknar portrettet av opprøraren Sokrates, men utformar ein autoritær statsteori. Augustin legg grunnen for eit indre liv, men byggjer også opp det ytre dogmatiske systemet og så vidare.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker