Annonse
04:00 - 17. oktober 2008

Ideologen vs. komponisten

Reidar Storaas’ biografi nyanserer biletet av Geir Tveitt.

Eventyraren: Geirr Tveitt (bildet) må ha vore svært fascinerande og gåtefull. Biografien til Storaas er eit grundig og nyansert arbeid om komponisten.Foto: Scanpix
Annonse

I jubileumsåret for Geirr Tveitt (1908–1981) framstår komponisten og pianisten frå Hardanger framleis som ein gåtefull og merkeleg figur. Eit musikalsk geni, ein strålande utøver, ein ideologisk fantast, ei stor festløve – og ikkje minst ein stor tragikar. Då huset hans i Norheimsund brann ned, vart store delar av komposisjonane hans borte. Sjølv trudde han berre ein tidel var att. Etter den tid er somt funne, og somt rekonstruert. Men kor mykje som var i treskapet då brannen braut ut, får vi vel aldri vita.

Medan den andre hardangerjubilanten – Olav H. Hauge – er unisont hylla, om ulikt forstått, er Tveitt framleis omdiskutert. Det skuldast primært hans kontakt med nazi-inspirerte miljø på 1930-talet, dels at han var ein del av den nasjonale linja som motarbeidde modernismen. Han vart også, truleg med urette, klaga for å uklår haldning under krigen. Dette vart han frikjent for, men det vart stadig brukt mot han i etterkrigstida.

Musikk i alle format. Reidar Storaas går samvettsfullt gjennom dette stoffet. Han gjer greie for sitt eige utgangspunkt: at han sjølv kjende og var ven med Tveitt frå tidleg etterkrigstid. Han har også skrive ein langt kortare biografi, som kom i 1990.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Siste