Annonse
04:00 - 20. juni 2008

Avmaktas talsmann

I Lyset fra nord viser Asbjørn Aarnes korleis Snorre blei ei viktig inspirasjonskjelde for heile den europeiske romantikken.

Polyhistor: I Asbjørn Aarnes si bok blir Edda-tradisjonen ein impuls som pregar alle dei store kulturlanda. Her Snorre Sturlason i Christian Krohg sin strek.
Annonse

Snorres poetikk bør stillast saman med Aristoteles og Boileau, og kombinasjonen av norrøn mytologi og poetologisk refleksjon i Edda er ein like viktig litterær impuls i Europa som Det gamle testamentet og gresk mytologi. Slik kan ein spissformulera innhaldet i den siste boka til Asbjørn Aarnes.

Meir interessant enn spissformuleringane er likevel den tolkinga Aarnes gjer. Hos han blir Edda-tradisjonen ikkje nokon fotnote i eit norsk eller islandsk nasjonsbyggingsprosjekt, men ein impuls som pregar alle dei store kulturlanda frå midten av 1700-talet, og eit avgjerande innslag i romantikken.

Edda i Europa. Å lesa Edda er altså ikkje å melda seg ut av det europeiske, men å melda seg inn i det. Det europeiske ved Snorres Edda ligg på to nivå: både ved Snorres eiga skolering, som må knytast til den store latinske kulturen han kjende, og i neste omgang ved ei eigenarta verknadshistorie, eit halvt tusenår etter publiseringa. Fatt mot, litteratar! Om 500 år kan bøkene de skriv, slå gjennom på eit heilt kontinent.

Annonse

Mest lest

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker