Annonse
04:00 - 03. august 2007

Litterære fantestrekar

John Fante si kultbok om den ambisiøse og sjølvhatande Arturo Bandini har endeleg kome på norsk.

Perm fremfor lerret: Filmatiseringa av Spør støvet med Colin Farrell i hovudrolla blei lansert i USA i fjor, men går rett på DVD i Norge. Med god grunn. Les heller boka. Og gjerne i Børge Lund si norske omsetjing.
Annonse

1.

Eg hugsar Spør støvet som ei pinleg bok. Eg måtte halde meg for augene og øyrene, utan at det hjalp. Eg måtte lukke boka, legge ho frå meg med framsida ned, putte ho ned i sekken, under ei anna bok, under kameraet, skyve sekken under føtene, under setet, forlate sekken under setet og gå ut på toalettet, gå gjennom vognene berre for å gå gjennom vognene. For eg sat på eit tog, nemleg. Og eg måtte gå tilbake, ta boka opp igjen frå sekken og lese vidare, om den pinlege, patetiske, avskyelege, irriterande, sjølvgode, tarvelege og fantastiske Arturo Bandini, i ei forteljing som kasta seg fram og tilbake og rundt i ring som ein kåt hund på jakt etter noko å pare seg med, kva som helst.

2.

Lese mer?

— Prøv Morgenbladet —
Det er
ettertanken
som teller
Inntil 30% rabatt
Bestill her
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.