Annonse
04:00 - 30. mars 2007

Kropp og død i pedagogikken

Sorg og opplæring heng saman, ifølgje Kjetil Hafstad.

Reflektert: Kjetil Hafstad er ingen hard polemikar, hans form er meir undring og varsame spørsmål.
Annonse

Kjetil Hafstad er neppe, med Georg Johannesens uttrykk, “en mann de lumske kan regne med”. Hans tekstar er opne, tilforlatelege og presise. Men lumske i den forstand at ein aldri veit når han får inn eit avgjerande poeng. Underfundig er kanskje ordet, fordi teksten er så vennleg, avvæpnande og varsam at ein ikkje heilt veit når eins førestillingar blir rysta.

I tillegg må han kunna frikjennast for tabloide trekk. Som god akademikar byggjer han stein på stein, og logisk nok er det først i avslutninga dei beste poenga kjem. Men då er dei også gode.

Døden i pedagogikken. Boka Ouverture til kroppens flukt handlar, som undertittelen seier, om utdanning og oppseding, men den går til emnet gjennom litt andre vegar enn vi er vane med. Hafstad er teolog, og argumenterer i boka primært gjennom lange idéhistoriske linjer. Han sporar ideen om eigen-utvikling tilbake til Schleiermacher, ser forholdet mellom individ og samfunn i lys av Émile Durkheim, hentar inn feministisk teori for å forstå kjønnet si tyding, og peikar på korleis kroppen er tolka i ulike tradisjonar.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse