Annonse
04:00 - 26. oktober 2007

Kristensosialist i Nobel-klasse

Det litterære minnet er kort. Derfor gløymer vi kanskje kva for ein stor forfattar Johan Falkberget var.

Velorientert: Sturle Kojen skriv kunnskapsrikt og samvettsfullt om gruvediktaren Johan Falkberget, utan å ty til tabloide løysingar. Foto: Scanpix
Annonse

Denne hausten har vi hatt ein viss debatt om biografien som tabloidformat – dels fordi somme biografiar er nærgåande, dels fordi dei blir referert på sensasjonsfiksert vis. Sturle Kojens bok om Johan Falkberget kan godt brukast som motgift til den slags lidingar. Kunnskapsrikt og samvettsfullt legg han fram ein svær dokumentasjon, men utan på noko punkt å skrika opp eller spe på med sensasjonar. Derimot skaper han avgjort interesse for sitt objekt; eg har sendt lengselsfulle blikk til Falkbergets bøker i hylla meir enn ein gong under lesinga.

Og Falkberget trer fram som ein interessant og særeigen figur på mange vis: som skribent, politisk aktør, ideolog og ikkje minst som nestekjærleg velgjerar. Ifølgje Kojen vart det sagt at når han ikkje gav frå seg den siste skjorta til ein fattig stakkar, var det fordi fru Anna forhindra det. Dei til dels store forfattarinntektene gav han bort etter kvart.

Vaskarryss. Falkberget høyrer til den store generasjonen «nyrealistar» som debuterte omkring 1907 – då kom hans gjennombrotsbok Svarte Fjelde. Men det er karakteristisk for denne mannen at han alt hadde gitt ut fem bøker før denne, og fleire av dei må karakteriserast som enkle og sentimentale forteljingar. Ikkje berre starta han opp som «vaskarryss» – barnearbeidar i gruvene – men han starta også forfattarskapen i populærlitteraturen. Det tok han mange vandreår med journalistikk og sosialisering i det litterære miljøet før han var fann si form.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.