Annonse
04:00 - 21. september 2007

Hysterisk bra

Snorking, drap og fokusgrupper. Da­vid Fos­ter Wal­la­ce er nes­ten uver­ke­leg dyk­tig, utan å bri­fe.

Solid: David Foster Wallace har skrive ei bok som er so­lid nok at ho let seg kas­te i veg­gen og bli pluk­ka opp igjen opp til flei­re gon­gar.
Annonse

Preben Jordal si omsetjing av den foreløpig siste skjønnlitterære boka frå David Foster Wallace si hand er imponerande på minst tre måtar: For det første at omsetjinga er påbegynt, for det andre at ho er avslutta, og for det tredje at ho funkar fint. Det må ha vore ein kamp.

Wallace slo gjennom med den monstrøse mursteinsromanen Infinite Jest for litt over eit tiår sidan, og har sidan vore ei tonegivande stemme i USAsk litteratur. At bøkene hans ikkje umiddelbart har blitt omsette til norsk, let seg kanskje forstå: Tanken på å omsette kva for ei som helst av bøkene hans er nok til å gi meg eit mangefasettert bilde av ei ueinsarta mengde omsetjarar som på dei respektive arbeidsromma sine – etter å ha gjort ei rask utrekning av si eiga timelønn på ein solid Casio-kalkulator frå åttitalet – kastar anten boka, kalkulatoren eller Norsk Ordbok ukontrollert hardt i veggen.

Personleg kan eg ikkje fri meg frå tanken om at Wallace sin hittil avgrensa påverknad på norsk litteratur har gjort litteraturen meir einsformig og reddare enn han elles kunne ha vore, på vegar med djupare, meir oppkøyrde spor, færre kjørefelt, strengare fartsgrenser og meir humørlaust litteraturpoliti. Det finst heldigvis unntak. Den mest openbert Wallace-inspirerte er John Erik Riley, men også litteraturen til folk som Simen Svale Skogsrud, Gunnhild Øyehaug og Øyvind Ådland har trekk som sender tankane i retning av Wallace.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse