Annonse
04:00 - 19. oktober 2007

Den uhel­di­ge man­nen

Synest du den­ne boka kan­skje er litt trist, så kan du trøs­te deg med det at alt gjekk bra til slutt.

Po­si­tur: John­ny Halberg som Den bak­ful­le for­fat­ta­ren med uro­leg mage og skjor­ta utan­for buk­se­lin­nin­gen står i fare for å bli ein po­si­tur.Foto: Aagaard Rolf Magdal/Af­ten­pos­t­en
Annonse

Forfattaren Jonny Halberg kjem sjølv springande inn i si eiga bok, i fullt firsprang inn på flytoget. Når ein forfattar gir signal om at han no skal skrive noko sjølvbiografisk, kan sjølvsagt lesaren møte og tolke dette signalet på vidt ulike måtar. Er det ein inviterande gest? Eit vink til lesaren, frå den andre sida av skrifta, for å seie at maskespelet er over? Eg er eg, du er du, det har vi visst heile tida, så la oss sleppe alt dette tullet med å finne opp namn på folk og plassar! Namn er viktige, la oss ikkje late som noko anna, og kroppane våre er viktige: her er eg med min og der er du med din. Men er dette i så fall eit signal om eit større alvor og djupare ærlegheit, eller er det berre invitasjonen til ein annan type leik? Tja, det kan vel vere begge deler, det er det i denne boka.

Indignert energi. På tittelbladet står det All verdens ulykker. Innberetning til Det kongelige norske utenriksdepartement om Jonny Halbergs reise til Romania 2005, men bokmeldaren si forventning om «noko anna» blir rett nok snart litt redusert. Dette er ei reiseforteljing, og den inneheld reflekterande, essayliknande parti der forfattaren Halberg held dommedag over sin eigen forfattarskap. Men først og fremst er det ein roman, og ved nærare ettersyn står det jo «roman» på tittelbladet også her: Dette er ei reise til Romania. Bakgrunnen for reisa er reell nok, Flommen av Jonny Halberg er blitt omsett til rumensk, og no skal boka lanserast.

Halberg skriv med ein indignert energi som ser ut til å følgje Vegard Ulvang sin gamle løpsstrategi: «berre å gå ut i maksfart og så auke på etter kvart». Reisa sine forviklingar framstår som ein serie forulempingar med den stakkars forfattaren som (for det meste) uforskyldt offer.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.