Annonse
04:00 - 24. august 2007

Po­e­tisk og bru­ta­lt

Jon Fos­se er stø på han­da, og det gjer for­tel­jin­ga hans ly­san­de, sve­van­de og klar.

Historier frå Bjørgvin: Jon Fosse.Foto: Det norske samlaget
Annonse

Jon Fosse har vekt til live den gode, gamle sjangeren «forteljing», som vi kjenner frå nynorske pionerar som Garborg og Sivle: Ei kort, konsentrert, gjerne emosjonelt ladd historie. Den har ikkje novella sitt formelle krav til overraskande sluttpoeng. Paradoksalt nok er det meir av forløp og historie i desse korte tekstane enn i romanane til Fosse.

Andvake fortel om det unge paret Alida og Asle som blir kasta ut av husværet sitt ein stad i Nordhordland, og som rømmer til Bergen (kalla Bjørgvin) like før ho skal føda. Det startar med at dei, trøtte, våte og kalde, traskar rundt i byen for å finna rom. Og på karakteristisk Fosse-vis får vi etter kvart rekonstruert det som har skjedd, gjennom medvitsnære minneglimt og tankestraumar. Sjølv om anslaget smakar av Juleevangeliet, blir det etter kvart typisk meir kunst, kjærleik og død enn Gudsbarnets fødsel det handlar om.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse