Annonse
04:00 - 20. oktober 2006

Minstelønn

Øystein Lønn sitt språk har stivna, som om novellene har gått gjennom ein middelmådig omsetjar.

Koreograf: Personane i Øystein Lønns noveller framstår som filmskodespelarar som framfører handlingane sine. Foto: Gyldendal
Annonse

Eg tek meg i å tenkje at dersom eg ikkje hadde sett omslaget eller lest på tittelbladet at dette var Plutselig landligge, den nye novellesamlinga til sjølvaste Øystein Lønn, ville eg ha kjent meg heilt sikker på at boka var ei påfallande ujamn norsk omsetjing frå eit større språk enn norsk. Kjensla er abstrakt, men let seg kanskje skildre, dersom vi godtek at skildringa er ei forklaring som er meir triviell enn det ho prøver å forklare.

Språket i omsetjingar har som kjent ofte noko stivt ved seg. Ikkje nødvendigvis i tydinga formelt, men like gjerne “stivna”, basert på omsetjaren sine val for på den eine sida å halde på originalen si stemme, og på den andre sida skrive fungerande norsk. Men ein halvgod omsetjar maktar i mange tilfelle ikkje å erstatte originalen sitt personlege høve til eige språk med noko anna enn konvensjonar. Det innlevde, nevrotiske, sårbare, spyttande, eller innyndande ved språket – kva adjektiv som helst stilt framfor preposisjonen “ved” og substantivet “språk” i bunden form – forsvinn. Lesaren har kjensla av å stå åleine tilbake på ein språkleg og litterær allmenning, i tydinga eit felles areal, eit område som alle har bruksrett til, men som er så godt som ribba for personlege eigenskapar.

Tentaklar. Korleis i all verda kan eg forsvare å få denne kjensla under lesinga av den nyaste utgjevinga av ein forfattar som meir enn dei aller fleste har blitt omtalt som ein språkkunstnar? Først må eg presisere at eg med dette ikkje vil gjere meg til talsmann for romantisk mystikk rundt “det personlege språket”, eller seie at det finst eit laug av språkkunstnarar som Lønn ikkje høyrer til i. Eg meiner rett og slett at språket til Øystein Lønn, trass i at han framleis er ein språkkunstnar, i denne utgjevinga har stivna. Ikkje inntil det urørlege, men til eit punkt der det minner meg om ei ujamn omsetjing av ei bok som, på det originalspråket eg fantaserer meg fram til, kan ha vore god.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.