Annonse
04:00 - 27. oktober 2006

Mannen under månen

I si nye diktsamling er Einar Økland modigare, klarare og enklare enn nokon gong.

Forskyvingar: Einar Økland verkar mindre redd for å ta opp alvor i si nye bok, men han blir ikke mindre Økland av den grunn. Foto: Det Norske Samlaget
Annonse

Einar Øklands nye diktsamling viser ein forfattar som torer å nærma seg den direkte talen, den usikra utsegna, og ein open konfrontasjon med livet og døden. I tillegg til å vera full av øklandske tankesvingar, ironiar og krusedullar, er den befriande enkel og rett på: Så vakkert og vondt er livet, så sikker er døden, så stort spelerom er det vi har.

Diktsamlinga Krattet på badet har dei fleste typiske Økland-trekk: klare, nedkjølte setningar, underfundig humor, tekstar med nonsens-preg, ironiske element og blikk for heilskapen i komposisjonen. Men dette er inga repetisjonsøving, snarare er det forskyvingar i forhold til det han har gjort før. Og om eg skal generalisera om Øklands lyrikk, så oppfattar eg ironi, nedkjøling og distanse til sentimentalitet som sentrale element. (Det finst også refleksjonar over sentimentalitet som fenomen.) I denne boka går Økland tettare på dei eksistensielle spørsmåla, mindre redd for å ta opp alvor utan ironisk innramming, modigare, klarare og kanskje også enklare. Men han blir ikke mindre Økland av den grunn, tvert om.

Dødsmedvit. Økland har skrive bøker sidan 1963, og kan unna seg å sjå tilbake. Det gjer han for eksempel når han kallar første avdelinga i boka si “Fromt landskap med figurar”. Det viser til Amatør-album. Lyrisk landskaproman med figurar frå 1969, ei av dei beste bøkene om barndom og oppvekst eg har lese, også den med ein karakteristisk kombinasjon av sårbar utlevering og distanse. I den snur Økland forholdet mellom natur og figurar opp ned; det er ikkje “dei gamle merkesteinane” som “standa like traust”, det er figurane som er det konstante, medan landskapet berre er noko vi diktar opp. Slik avslører han tendensen til å projisera subjektivitet på landskapet, som pregar så mykje naturlyrikk.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.