Annonse
04:00 - 21. juli 2006

Endeleg snusfornuftig snobb?

Det verkar som om Ronny Spaans prøver å få nokre menneske til å framstå som totale idiotar.

Annonse

Om Ronny Spaans, som underteiknar med cand.philol., har lyst å kalla meg poesiens barnehageonkel, snusfornuftig og snobbete, så kan eg bare løfta forventningsfullt på augebrynet. Tenk om det var sant! Eg er så samd i mykje av det han skriv at det skulle undra meg mykje om ikkje alle desse etikettane måtte passe på Spaans også.

Men nokre få punkt vil eg gjerne tilbakevisa: Eg er ikkje negativ til dikt som nyttar rim og rytmemønster, og eg har heller aldri sagt noko generelt om at slike dikt naudsynleg må vera lite krevjande, verken å lesa eller å skriva. Eg kan tenkja på mange slike dikt som ikkje er det, frå Rilke til Rem, frå Dass til Dylan (les gjerne forordet mitt til En vei til din dør, gjendiktingane av Dylan som Kjell Ivar Sandvik laga i 2004), men kan òg trekkja fram Inger Christensen sin sonettkrans Sommerfugldalen (1991).

Eg skreiv elles medvite “såkalla modernistiske diktsamlingar” for å understreka det problematiske i å skilja mellom modernisme og rim. Jan Erik Vold og Kjell Heggelund nytta dette skiljet mellom fri og fastmønstra dikting, som eit skilje mellom modernisme og andre ismar. Eg er vel mest av alt oppteken av kvaliteten, den som er der eller den som manglar, og kva eg kan få ut av diktet, anten det rimar eller ikkje. Men eg er klar over at når det gjeld det eg tykkjer har klare kvalitetar, kan eg vera elitistisk, ja, kall det gjerne snobbut. Den sterke leseopplevinga vernar eg om. Men eg skulle gjerne ha sett den litterære snobben som var diktlærar på Diktkammeret i fem år!

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.