Annonse
04:00 - 07. april 2006

Eit forsvar for deklasseringsteorien

Ibsen disponerte ikkje ein familieformue som kunne gi han ein uavhengig økonomisk basis som forfattar. Både Ivo de Figueiredo og Dag Solstad mistar dette poenget av syne.

Annonse

I Ivo de Figueiredos nye Ibsen-biografi blir betydninga av Knud Ibsens økonomiske fall for den seinare utviklinga til diktarsonen problematisert. Mange fekk økonomiske problem, seier han, det var slett ikkje skamfullt, det sosiale nettverket var intakt, og Henrik var uansett reist heimanfrå då botnen blei nådd. Dag Solstad omtalar biografien i Morgenbladet 10. mars, og i den grad han er usamd med Figueiredo, er det fordi han etter Solstads syn ikkje har ført revurderinga langt nok. Ungdomen som kom til Grimstad i 1843–44 tilhøyrde framleis dei betre stilte, påpeikar Solstad, og ved hjelp av farens kontaktar blei Henrik plassert i lære i ei av landets lukrative borgarlege næringsgreiner.

Det er grunn til å revurdere ein del av dei økonomiske forholda rundt Ibsens yrkeskarriere. Når situasjonen hans blir skildra som elendig, er det grunn til å framheve at han det meste av tida i Noreg hadde fast jobb og inntekt, og jamvel fast jobb i den institusjonen han vigde forfattarskapet til. Figueiredo har på desse områda levert verdifulle bidrag til ei meir nyansert oppfatning, og også på andre måtar gjort eit solid og godt arbeid. Likevel er det etter mitt syn eit mistak å sende deklasseringsteorien til opphogging, og dette mistaket skuldast ei økonomistisk feilslutning hjå både Figueiredo og Solstad.

Ibsen vaks opp i eit standssamfunn. I dette samfunnet var det herskande skjemaet for sosial verdsetjing forskjellen høg/låg. Det fanst konkurrerande skjema, og i periodar overtok dei hegemoniet også hjå Ibsen, men i lange periodar var dette hans måte å kategorisere sosiale, politiske og kulturelle forhold på. Kva skilde det høge frå det låge? Til ein viss grad økonomi, men i embetsmannsstatens epoke framfor alt “Dannelse”, uttrykt i fyrste rekkje gjennom utdanningskapital. Det var danning som gjorde embetsstanden til den herskande klassa, ikkje økonomiske ressursar.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Men da forfatteren debuterte med romanen Falketårnet i 1985, var det omvendt.
Men det er klart at det er en forsker her som føler seg utnyttet og tråkket på. Det må man ta på alvor.