Annonse
04:00 - 06. januar 2006

Ein Wergeland utan land

Georg Johannesen var klassisk i sin lærdom, total i sitt prosjekt.

Annonse

Kven var Georg Johannesen? Hans død, eit par månader før fylte 75, gjer kanskje spørsmålet høveleg. Eg har likevel ei sterk kjensle av at han ville fnyst av det – og med rette: Eit kvart forsøk på å setja han på formel, fanga han i enkle formuleringar, er dømt på førehand. Det gjeld snarare å halda fast på paradoksa.

Det er ikkje urimeleg å stilla saman Georg Johannesen og Harold Pinter. Begge var ein gong sinte unge menn, som vakna til vakse medvit med utryddingsleirane og atombomba. Den dødsmerkte Pinters bitande oppgjer med USAs utanrikspolitikk er ein av dei få politiske talane Georg Johannesen truleg kunne stilt seg bak. Og skal ein forstå mannen, er det truleg her ein må starta. Med ein ung mann som med djupare sensitivitet enn andre, forstår lidingane moderne krigføring medfører – “Før Hitler hadde drept hundre jøder/ kunne jeg telle til femti og seksti” – og som avviser alle forklaringar og naturaliseringar av krig og drap: “Det som tordner er kanoner, ikke storm/ Det som lyner, er et folk i uniform”. Konfrontert med skuldingane om å skriva uforståeleg og anti-poetisk, svara Georg at det er atompolitikarane som er objektivt sinnlidande, fordi dei greier å fortrengja dei realitetane dei sjølv skaper.

I eit dikt kan ein skilja mellom motivet som er det konkrete materialet, temaet som er tanken i diktet, og det apokalyptiske, som er berøringane med tilværets ytterpunkt, der kontakten med mytene oppstår. Johannesens dikt er nærast vitskapleg presise i det konkrete: Vatnet er “atten-nitten grader/ midt mellom blod og is”, månen er “femten jorddiametre borte” og jorda er “en globus i full størrelse”. Men dette konkrete står heile tida overfor ei mogeleg katastrofe, difor blir det tematiske sprengd, rive i filler, usammenhengande. Det går ikkje an å laga harmoniske og avrunda tankemodellar i “de onde tidene”. Ethoset er i staden å ha “døde barn på papiret/ mellom linjene jeg skriver … skal de pille i stykker meningen/ og forvirre syntaksen”.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.