Annonse
04:00 - 30. april 2010

Betongblues

Solid kortprosa frå bygg- og anleggsbransjen.

Levende: Byggeplassen blir skildra som ein funksjonell organisme i Tina Åmodts debuttbok. Foto: Scanpix
Annonse

Tekstar er konstruksjonar. Å sjå på forteljingar som ein vev, der ulike trådar er slått over og under kvarandre, er mest vorte som ein litteraturteoretisk klisjé. Derfor er det befriande å lese ein debutant som set spørsmål om konstruksjon som konkret byggverk i sentrum for forteljingane sine.

Debutanten Tina Åmodt (fødd 1985) utforskar byggeplassens indre logikk i kortprosasamlinga Anleggsprosa. Åmodt, som både har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og på Litterär Gestaltning i Göteborg, må i tillegg til ein grundig tekstkompetanse, også ha solide byggetekniske kunnskapar. Ho meislar fram prosafragmenta med innforstått presisjon.

Hørselvern. Til dømes er grunnarbeidet viktig for å få bygget til å bli solid og sikkert. «Byggeplassen brer seg ut: en stor flate av knust stein, rammet inn av gjerder og grøfter fylte av rør. Den har tydelige grenser. Den er ulik alt annet.» Byggeplassen blir skildra som ein funksjonell organisme, med eit bestemt hierarki og ein streng indre orden. Øvst står byggeleiaren og formannen, og så kjem og går dei ulike arbeidslaga alt etter kva stadium av byggeprosessen huset er i. Arbeidsoppgåvene, kor lenge du har arbeidd, og kor grundig du er, avgjer korleis dei andre behandlar deg og snakkar til deg. «Å bruke hørselsvern er asosialt.» Det er eit fast arbeidslag på plassen, og kjem det andre innanfor gjerda rundt han, er det funksjonen dei skal fylle som gir dei tilgang: kabelgraving, betonglevering, oppsyn. Alle har sin heilt spesielle plass, mest som maur i ei maurtue: «Armeringsjernet bærer betongen. Jeg bærer armeringen.»

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Mest lest

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Baksiden