Annonse
13:57 - 30. august 2012

Bør eg slutte med litteraturvitskap og byrje med noko eg veit er viktig?

Annonse

Kva rett har vi eigentleg til å gjere det vi helst vil når det finst så mange viktige ting som må gjerast først? Er det greitt å vie livet sitt til å forske på Faulkner, eller vere aksjespekulant, når verda etter alt å døme har meir bruk for ein førskulelærar eller bistandsadvokat? Det hender at heile problemstillinga blir avfeidd som «lettvint» av folk eg snakkar med; andre gonger høyrer eg resonnement av typen «vi har meir bruk for nøgde folk som gjer det dei vil enn miserable menneske som gjer det dei trur dei bør». Somme oppfordrar meg til å «sjå heile biletet» og innsjå at dei individuelle vala vi gjer ikkje har så mykje å seie, andre ymtar frampå om at «verda» kanskje ikkje «treng» noko som helst av oss.

Det får så vere: Trugsmålet om ein slags livsomfattande gå-sakte-aksjon om folk ikkje får viljen sin, slår meg som barnsleg, og meir psykologisk enn etisk tilfredsstillande – og om problemstillinga er lettvint, føler eg framleis ikkje at eg har fått noko godt svar. Bør eg slutte med det eg gjer i dag (eg studerer litteraturvitskap) og byrje med noko eg veit er viktig? Bør alle andre gjere det same?

Eirik (23)

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Anbefalinger