10:27 - 22. juni 2020

«Jeg skjønner ikke poenget med denne spalten»

En kjemiker, en innovasjonsforsker og en religionshistoriker forsvarer seg.

Jeg leser spalten deres hver uke med stor iver. Likevel ser jeg at enkelte hver eneste uke spør seg om hvorfor dere aldri spør det de mener er «riktige» eksperter? Når dere hadde det knivspørsmålet, burde dere ha spurt en metallurg, og når dere hadde det sexspørsmålet, burde dere ha spurt en evolusjonsbiolog, og så videre. Hva om dere nå prøver å svare alle disse menneskene som hver uke lurer på hvorfor dere ikke har spurt noen andre? Hva tenker religionshistorikeren når han plutselig får et spørsmål om kniver? Det er utrolig gøy for oss at dere svarer, men er det gøy for dere? Hilsen spaltesluker

Alexander H. Sandtorv, førsteamanuensis i kjemi, Universitetet i Oslo

Takk for omtanken og at du liker spalten! Jeg kan avsløre at ja, det er er veldig gøy for oss, også når alle lurer på hvorfor vi (irriterende nok) aldri spør den forskeren som er ekspert på spørsmålet vi skal svare på. For mange er dette veldig uvant, og det skaper engasjement og debatt. Tenk det! Folk engasjerer seg i forskningsformidling!

Ukens spørsmål

Noen ganger virker det som en får helt ulike svar fra forskere avhengig av hva slags forskere en spør. For å sette galskapen i et tverrfaglig system vil vi i denne spalten stille det samme spørsmålet til tre medlemmer av Akademiet for yngre forskere, fra ulike fagdisipliner.

Flere spørsmål – og ikke minst svar – finner du her.

Vi vil vise hvordan et spørsmål ser ut for tre forskere med helt ulik bakgrunn. Ekspertisen til dem som svarer, skal ikke sammenfalle perfekt med spørsmålet. Det er altså hele poenget. I denne nyskapende fremkallingsvæsken vitaliseres nye bilder. Bilder som bare blir synlig når en kjemiker snakker om hvorfor Norge er så splittet i sitt syn på barna med IS-tilknytning, og når religionshistorikeren snakker om sløve kniver. Vi påberoper oss ikke ekspertstatus i denne spalten på samme måte som vi gjør når vi er på Dagsnytt 18, eller skriver for Morgenbladets forskningsfronten. Spalten er et lekent, undrende, søkende og reflekterende blikk på forskerens linse. Spalten er ikke jakten på det ultimate svaret. Det kan du jo bare google deg frem til.

Marcel Proust snakket en gang om at den virkelige oppdagelsesreisen ikke består av å finne nye landskaper, men å se med nye øyne. Og der ser du allerede magien bli til. En kjemiker har trolig aldri sitert Marcel Proust offentlig før.

Marte C.W. Solheim, førsteamanuensis og leiar av senter for innovasjonsforsking, Universitetet i Stavanger

I ei sak i New York Times nyleg omkring leiarskap under covid-19, så vert det trukke fram at eit fellestrekk for dei leiarane som gjer det godt, er mellom anna at dei skjønner avgrensinga til sin eigen kunnskap, og når dei må ta vanskelege avgjersle, så søker dei seg til ekspertane. Guvernøren i Ohio, Mark Dewine, er intervjua i saka, og fremlegg viktigheita av nett dette: å sjå verdien av ekspertise. Dewine sa at dei gongane han har angra på dei avgjerslene han har teke, så er det fordi han ikkje hadde nok fakta, at han ikkje stilte nok spørsmål, eller at han ikkje spurte dei rette folka. I same intervju, uttalte Smith frå Microsoft, at «altfor ofte, så trur folk i sektorar som har gjort det bra, til dømes i hass sektor: tek-sektoren, at dei kan finne svaret på alt, fordi dei har vore smarte og suksessrike», og han seier «det er viktig at vi ikkje trur vi er smartare enn ekspertane, så derfor tok Microsoft å inviterte med «public health experts» og lytta til dei frå dag ein».

Dette peikar nettopp på spørsmålet i vekas spalte, og på svaret gjeve av Alexander over, der verdien av denne spalta ikkje ligg i at vi inntek ekspertrolla, ei heller skal (og ikkje alltid kan) gje det ultimate svaret. Det er i slike situasjonar - som det vert referert til over til dømes - viktig, naudsynt og avgjerande å lytte til ekspertane.

Skulle eg ha sett på dette spørsmålet i lys av min bakgrunn, så er det fleire døme frå innovasjonsstudier som peiker på nytteverdien av eit mangfald av perspektiv ettersom innovasjon ofte skjer der ulik kunnskap kryssast. Her er det dog varierande perspektiv: der nokre hevdar at det viktigaste for å vere kreativ og innovativ er kjernekunnskap (ref. ekspertkompetanse), medan andre hevdar at det er viktig for kreativitet og innovasjon også der ein må gå ut av «komfortsona», eller der ein eventuelt ikkje har kjernekunnskap. Konkrete dømer på sistnemnte frå Adam Grant er frå selskapet Polaroid. Då dei fekk suksess med å gå frå svart/kvitt film til sepia, så var det under leiinga av Meroë Morse, som hadde bakgrunn ifrå kunst, men ikkje i kjemi eller fysikk, men ho la grunnlaget for innsikt i fargar, samt hennar sterke engasjement for utvikling påverka dette. Vidare vert det hevda at Howard Rogers, ein bilmekaniker med ingen formell utdanning innan fotografi, la grunnlaget for «instant fargefotografi».

Nils Hallvard Korsvoll, religionshistorikar, Universitetet i Agder

Takk for at du les spalta, og takk for eit betimeleg spørsmål! Tverrfagleg har lenge vore eit fyndord i forsking og utdanning, så lenge at det for fleire er blitt eit fyord. Men eg er framleis fan, og for meg er tanken bak denne spalta nettopp å drive litt lettbeint, tverrfagleg tenking. Det er innlysande å spørje ein metallurg om knivar, slik Morgenbladet òg gjer i fleire av sine andre, faste forskingsspalter, men kva om ein spør nokon heilt andre, og gjerne fleire samstundes?

Som forskarar vert me opplært i eit fag som stiller visse spørsmål og brukar visse metodar for å svare på desse. Tverrfagleg forsking, og denne spalta, går ut på å sjå kva som skjer dersom ein tek spørsmål og metodar frå eitt felt og brukar det på tema eller materiale som til vanleg ligg til eit anna.

Har du et spørsmål til forskerne? Send det til ukens@morgenbladet.no

Så er utfordringa sjølvsagt at denne øvinga ikkje blir irrelevant vås. Der kan eg ikkje gi nokre garantiar, korkje på vegner av tverrfagleg forsking eller spalta, men me prøver. Eg skal medgi at det ikkje kjendest naturleg å forsøke å seie noko fornuftig om knivar, eller meir nyleg om havtilgang frå Mjøsa, men samstundes er denne utfordringa nettopp det som gjer dette utruleg kjekt for meg: Kva spørsmål, perspektiv og innsikter kan eg som religionshistorikar bruke for å svare på dette, og kva fører det fram til? Det er kanskje ikkje alltid like vellukka (det må du som les vurdere), men eg kjem til min døyande dag å halde fast på at sex ikkje berre høyrer evolusjonsbiologien til.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 20 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse