Annonse
08:05 - 16. mars 2020

Pestens levninger

 Hege Ingjerd Hollund jakter på virus-DNA i skjelett frå mellomalderen.

Annonse

– Kan du fortelje litt om kva du forskar på i augneblinken?

– I dag kan vi alle observere utviklinga av ein pandemi i sanntid, etter kvart som talet på koronasmitta menneske aukar. Sjølv er eg med på eit forskingsprosjekt der det er teke prøvar av mellomalderskjelett for ulike typar analysar, inkludert DNA. Eitt av måla er å finne DNA frå patogene virus som kan ha forårsaka sjukdomar som svartedauden. Verdien av å kunne studere slike prosessar i fortida, er at vi kan identifisere konsekvensar på mykje lengre sikt, når det gjeld samfunn og kultur, men òg biologi og genetikk. Mi rolle i forskingsprosjektet er å vurdere tilstand på skjelettmaterialet som blir analysert, og kva slags nedbryting og forureining som kan ha endra dette etter døden. Ein slags post-mortem analyse altså. Dette kan nemleg ha store konsekvensar for kva slags kunnskap vi kan lese ut frå skjeletta i dag.

– Kva er mest spennande med korleis forskingsområdet ditt utvikler seg?
 

Annonse