Annonse
15:44 - 06. februar 2019

Simon Malkenes om Stoltenberg-utvalet: – Det er sjukdom som medisin

Lærar Simon Malkenes meiner Folkehelsedirektørens «evidensbaserte» skole er feil resept. 

— Ein erkjenner at det vil vere naturleg variasjon mellom barn på ulike alderstrinn. Det noko «alle» veit, men i skulen har det kanskje vore ein tendens til å gløyme det likevel, seier Simon Malkenes. Arkivfoto: Oddleiv Apneseth
Annonse

— Det eg likar, og som er bra med dette, er at dei løfter fram forståinga av kor forskjellige barn er, og kor ulike jenter og gutar kan vere, seier Simon Malkenes, som er lærar og ein markant kritikar av rådande norsk skulepolitikk, mellom anna i boka Det store skoleeksperimentet.

— Ein erkjenner at det vil vere naturleg variasjon mellom barn på ulike alderstrinn. Det er noko «alle» veit, men i skulen har det kanskje vore ein tendens til å gløyme det likevel. Og undervegs i utgreiinga gløymer også desse ekspertane sjølv dette viktige poenget, seier Malkenes.

Måndag kom Stoltenberg-utvalet med ein omfattande rapport om kvifor gutar gjer det så mykje dårlegare på skulen og i høgare utdanning enn jenter, og kva som bør gjerast med det: «Nye sjanser — bedre læring — Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp» (NOU 2019:3).

Klare tal. Historia byrja for to år sidan, då Camilla Stoltenberg, som til dagleg er direktør ved Folkehelseinstituttet, i spalta si i Morgenbladet åtvara mot dette kjønnsgapet, og la fram si eiga hypotese: Kunne utdanningsgapet skuldast at gutar utviklar seg seinare enn jenter? At den biologiske modninga er ulik?

Utvalet syner no fram klare tal på korleis gutane presterer dårlegare enn jenter i fag etter fag i skulen, og korleis menn i gjennomsnitt slit meir enn kvinner på det eine livsområdet etter det andre. Dei slår fast at desse skilnadene berre vil fortsette å auke i mange år framover. For gutane som fell bak i skulen, har det store konsekvensar for vidare utdanning, helse, arbeid, og for familiesituasjonen seinare i livet. Det er lite tvil om at dette er eit samfunnsproblem.

Rapporten — på 250 sider — går kritisk gjennom kva ein kan vite om årsakene til kjønnsskilnadene ut frå forsking på alt frå hjernen og genane våre til oppvekstmiljø og arbeidsmarknad. Men ekspertane kjem ikkje heilt til botn i spørsmålet om kvifor det er slik. Tvert imot: Den «viktigaste konklusjonen», skriv dei, er at kunnskapsgrunnlaget er for svakt. Ei heil rekkje tiltak kan likevel hjelpe, slik som obligatorisk heildagsskule frå første til fjerde klasse (men utan fleire skuletimar) og å la karakteren i matte (der gutar gjør det betre) få vege tyngre. Mellom dei 63 anbefalingane står det òg at ein bør prøve ut eit frivillig ellevte skuleår, tilby førskuletimar i barnehagen og å utvide retten til spesialpedagogisk hjelp. Mest merksemd har det fått at eit mindretal i ekspertgruppa, med leiar Camilla Stoltenberg i spissen, ønsker å prøve ut fleksibel skulestart — i tråd med den opphavlege tanken om at problemet kan ha å gjere med at nokre gutar ikkje er modne til skulestart og difor kjem skeivt ut.

Naturlege forskjellar. Malkenes har ikkje rukke å «nærlese» utgreiinga, men er kritisk til tenkemåten og kunnskapssynet i rapporten, der ein heile tida er oppteken av å måle prestasjonar og av å dokumentere effekt. Han meiner å sjå at dei i stor grad forskriver fleire testar og meir kartlegging, sterkare «tidleg innsats» og jamt over meir av den læringa som er vanskeleg for gutane — i håp om at det skal hjelpe dei opp i høgde med jentene i klassen.

Einsidig «resultatorientering» er nettopp ikkje å ta omsyn for at det er naturlege forskjellar i barns modning, meiner Malkenes.

— Eg er redd dette er sjukdom som medisin. Hugs at undertittelen taler om skuleprestasjonar. Og då er et sjølvsagt ein endå meir prestasjonsorientert skule som er målet.

Han referere kunnskapsminister Jan Tore Sanner som på Dagsnytt 18 denne veka sa at han ikkje skulle senke «læringstrykket».

— Men det som har skjedd i skulen er at læringstrykk er blitt læringspress, og det knekk nokre barn. Dette er nok noko av problemet for gutane, og eg veit ikkje om desse tiltaka vil hjelpe, seier Malkenes.

Læringstrykk er blitt læringspress, og det knekk nokre barn. Dette er nok noko av problemet for gutane

Livslang kartlegging. Slik Malkenes ser det, er det to ulike pedagogiske tradisjonar som her kjem i konflikt, noko også utvalet sjølv drøftar. På den eine sida står det Malkenes ser på som ein tysk pedagogisk tradisjon der ein vektlegger korleis det enkelte barn modnast og kjem til seg sjølv — blir danna — på ulike måtar. Mot dette står det Malkenes omtaler som ein «amerikansk import» i norsk skule, der ein gjennom standardiserte testar søker å finne ut kva som trengst av «tidleg innsats» — eit omgrep som for lengst er blitt sentralt også i norsk skulepolitikk. Sjølv om utvalet framhevar at begge perspektiv trengst, meiner Malkenes at det verkar som om det er testskulen som har vunne fram. Litteraturlista, seier han, er full av utdanningsøkonomar og nokre tvilsomme tenketanktypar frå høgresida. Pedagogar er det mindre av.

— Ein vil auke intensiteten av testing tidleg i barnas tidlege liv, og ha eit system for nærast livslang kartlegging av kvar enkelt, seier Malkenes.

For særleg talande for tenkemåten, meiner Malkenes, er fleire radikale framlegg til korleis ekspertane kan få det kunnskapsgrunnlaget dei saknar i dag: Dei vil tvinge kommunane til å kartlegge alle barns språklege, talmessige og sosiale utvikling når dei er 4 og 6 år. Dei vil ha ein ny nasjonal prøve i lesing og rekning på tredje klassetrinn. Ikkje minst anbefaler utvalet å innføre eit nytt «kunnskapssystem» som gjer at ein kan følge læringa og utviklinga til kvar enkelt gut og jente frå barnehage og gjennom heile utdannings- og livsløpet. SSB bør få jobben med å drifte eit register av personeintydige data, som kan koplast med ande kjelder.

Malkenes er skeptisk til draumen om at meir data skal løyse skulen sine problem.

— Trua på at datainnsamling vil hjelpe læringssituasjonen til ungane, er enorm. Eg trur ikkje det stemmer. Eg skulle iallfall ønske meg at ein også kunne heie litt meir på dei vaksne som er saman med ungane. At læraren blei vist litt tillit.

Trua på at datainnsamling vil hjelpe læringssituasjonen til ungane, er enorm

— Uetisk.«Samfunnet bruker rundt 150 milliarder kroner i året på barnehager og skoler, og staten og kommunene har ansvar for at ressursene blir brukt for- svarlig og kostnadseffektivt. Det er uetisk av staten og kommunene å iverksette eller opprettholde tiltak og ordninger uten å vite om de forbedrer eller forverrer resultater i skolen og livssituasjonen til barn og ungdom», står det i utgreiinga om behovet for meir omfattande kartlegging og datainnsamling.

— Dette handlar altså mest om at dei utanfor skolen skal få vite kva dei får igjen for pengane sine, kommenterer Malkenes.

— Eller det kan handle om at ein ikkje bør sette i gang tiltak utan å vite om dei kan skade barna?

— Jo, men fleire styringsdokument eg les bruker den same logikken. Ein vil vite kva ein får tilbake for investeringa. Uansett, det eg kan sei om det er argumentet, er at dette er vanskeleg for meg å fordøye, seier Malkenes.

Folkehelsedirektørens utval legg gjennomgåande vekt på at styringa av skulen kan bli meir «kunnskapsbasert». Tiltak bør ha dokumentert positiv effekt — omtrent som i medisinen. Malkenes er ikkje heilt overtydd.

— Det dei vil, er å kommandere forskingsbaserte metodar inn i skolen fordi de trur det alltid er til barns beste. Forsking kan kanskje fortelje deg korleis ein skal gjennomføre undervisning. Det er fint. Men den vaksne som er med barna, og som kjenner ungane, må vere den som bestemmer metoden, nettopp fordi den vaksne kjenner og forstår kor forskjellige barn er, kor modne dei er og kva dei treng i si opplæring, seier han.

Metodefridom. For kva skjer med læraren sin faglege fridom i det evidensbasert skuleregimet? Stoltenbergs ekspertar freistar kanskje til og med å utfordre prinsippet som seier at læraren sjølv skal kunne velje opplæringsmetodar innanfor ramma av læreplanen.

— Dei snakkar om «såkalla metodefridom» og vil ha metodefriheten prøvd juridisk mot rektors styringsrett. Det er ganske tydeleg kva dei vil, seier Malkenes.

Malkenes fryktar fleksibel skulestart kan føre til at barn som ikkje rykker opp frå førskule til første klasse kan miste mot og motivasjon, men han støtter eit forsøksprosjekt. Han er òg einig med utvalet i at ein meir variert skulekvardag er «veldig lurt» og truleg noko som særleg gutane vil ha godt av, men han er førebels kritisk til obligatorisk heildagsskule, trass at utvalet bedyrar at det samla ikkje skal bli meir skuleundervisning gjennom dagen.

— Var det noko vi lærte av seksårsreformen, som opphavleg skulle ta opp i seg «det beste frå barnehagen», så er det at i skulen blir alt til skule, seier han.

Så kva meiner Malkenes sjølv at er løysinga på kjønnsforskjellane i skulen?

— Det er vanskeleg, men kanskje vi må måle prestasjonar på ein heilt annan måte? Kanskje må vi nettopp forstå naturleg variasjon betre? Kanskje løysinga for å gjere gutane betre i matematikk er bygge fleire sløydsalar? Dette er slikt som stordata ikkje fangar opp, men som læraren ser i klasserommet kvar dag.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse